Den seinaste målinga som Norstat har gjort for NRK i Oppland syner at det framleis er stor kamp om mandata frå valkrinsen. Ikkje minst er målinga nok eit døme på fallet Senterpartiet har gjort på fleire nasjonale og fylkesvise målingar dei siste vekene, og som må opplevast særs dramatisk i innspurten til eit val. I april var partiet størst i Oppland, med 34,9 prosent. På den siste NRK-målinga no får partiet 22,9 prosent.

Det er fem faste mandat og eitt utjamningsmandat som skal fordelast mellom partia. Ap styrkar seg i Oppland, og er attende som det klart største partiet og held dermed på dei to faste mandata partiet har no.

Senterpartiet har lenge vore sikre på å få inn to representantar. På NRK-målinga har derimot Frps Carl I. Hagen kapra eit mandat frå Sp, og Fasteraune er då ute av fast plass. Marginen for Frp og Hagen er liten, og Høgre og Frp er om lag like store på målinga. Sidan 1989 er det berre ein periode – 1993–1997 – der Frp ikkje har hatt ein representant på opplandsbenken på Stortinget. Kari Anne Jønnes frå Høgre har lenge vore sikra ein stol i stortingssalen, men dette mandatet er også utrygt.

Med alle målingar er det usikkerheitsmoment. Måling er måling, val er val. Feilmarginen for kvart parti er til dels stor. Men bortsett frå at det etter alle solemerke blir eit regjeringsskifte, er framleis utfallet av valet ope. Ap og Sp ligg langt unna å få fleirtal. Ap vil styre med SV, Sp vil ikkje styre med SV. Det er usikkert om Ap og Sp får fleirtal med SV i Stortinget. Å hente støtte frå MDG eller Raudt kan dermed bli realiteten for Jonas Gahr Støre. Kor kaotisk politikk kan framstå for veljarane blir tydeleg når Støre sjølv åtvarar veljarane om å stemme på desse partia.

Det er på plassen sin å minne om at det sidan 1970-talet har vore langt meir vanleg med mindretalsregjeringar enn fleirtalsregjeringar i Noreg. Landet har ikkje vorte kasta ut i styringsudyktigheit eller uvisse av den grunn. Eit Raudt eller MDG på vippen kan også opne opp for ei forsiktig kursendring for KrF. Partileiar Kjell Ingolf Ropstad har stilt seg positiv til budsjettsamarbeid med ei Ap/Sp-regjering.

Med mange småparti over sperregrensa og tre potensielle støtteparti i Stortinget, blir det ein utfordrande jobb for Støre som statsminister.