Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
På strekninga gjennom Hugavika i området aust for tunnelmunninga har det støtt blåse kraftig, og det er meldt om mange nesten-ulykker gjennom åra. Det er neppe dokumentasjon for at den nye veglina har vorte meir utsett for vind enn når vegen gjekk inntil steinura, men i alle fall har det dei siste dagane vore så kraftig vind at ein buss held på å blåse av vegen og ein personbil med campingvogn rett og slett gjekk i autovernet, med fylgje at husvogna vart totalt ramponert.
Det er også meldt om fleire andre hendingar i dette området med farlege situasjonar og skader ved at, til dømes, skiboksar har blåse av bilane. Då er det verkeleg dramatikk og stort alvor, og situasjonen gjer at det fort må på plass tiltak.

Campingvogn blåste av vegen på E16 – bilen havnet på autovernet
Sjølv om vegstyresmaktene vart varsla om dette i framkant av utbygginga, vart det ikkje gjort tiltak som ein del av det omfattande prosjektet med ny veg og tunnel mellom Synshagen og Øylo. No lovar Statens vegvesen at det skal setjast opp ein vêrstasjon og vindmålarar i området. Det herskar framleis litt usikkerheit omkring kor omfattande tiltak vegeigaren vil gjera, men det er lite å gå på i høve som dette.
E16 gjennom Vang har vorte reinaste paradevegen etter utbetringa, og dei fleste trafikkfarlege punkt er eliminert, ikkje minst ved å byggje den 5,4 kilometer lange tunnelen gjennom Kvamskleiva. «Nye» E16 gjennom Vang er absolutt ein av dei beste vegløysingane gjennom distriktet. Når det er sagt, må vi også streke under at det er ingen toleransegrense når det gjeld tiltak for trafikktryggleik.

Eide campingvogna i 23 timer før den ble kasta over kantrekka og smadra mens han kjørte: – Veldig skremmende
Dei som brukar vegen skal vera trygge på at den er trafikksikker under dei fleste tilhøve. Ei forsvarleg løysing med varsling av vind vil kunne hindre dramatiske ulykker. Det er heller inkje nederlag at slike sikringstiltak blir gjort i etterkant. Kanskje kan det også vera andre strekningar som bør vurderast for det same, til dømes i området vest for den nye tunnelen. Rådet må vera at ein tek på alvor innspela frå dei lokale som kjenner omstenda.
Den nye E16-standarden gjennom Vang ser elles ut til å svare til forventingane fire månader etter at den vart teken i bruk for fullt. Den omfattande utbetringa gjennom store delar av kommunen set også trykk på at det må gjerast tiltak på andre strekningar, til dømes gjennom sentrum av kommunen. Med auka trafikk på E16, vil også behovet for å gjera noko her melde seg for fullt sjølv om vangsgjeldingane har vore framsynte og for lengst har bygd gang- og sykkelveg på strekninga.
Odd reagerer: – I etterkant ser jeg at det kanskje ikke var så lurt
Det er fullt mogleg å sjå mot Vang og kor bra satsinga på E16 har vorte her. No går E16-utbygginga føre seg nedover Vestre Slidre, førebels fram til Lomen stavkyrkje. Når vegutbetring ikkje skjer på ein heilskapleg måte, vil også heile tida nye flaskehalsar koma til. Ved at det ikkje er pengar til å halde fram med utbetringa fram til Hausåker, vil Vestre Slidre sitja att med ein av dei mest ulykkesutsette strekningane på E16 mellom Oslo og Voss. Det er uforståeleg at 240 millionar skal stoppe eit heilt vegprosjekt som er ferdig planlagt og selt inn. 240 millionar vil også fort leggje på seg nye millionar om det skulle bli ei utsetjing på eit år, to år eller meir, slik det no ser ut til.
