Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Fyrst vil eg få minne både administrasjonen i Vang kommune, og kommunepolitikarane om fylgjande:
1. Administrasjonen i Vang kommune er tilsett for å arbeide for alle innbyggarane i kommunen, ikkje mot.
2. Politikarane har fått eit tillitsverv med 4 års varigheit for å ivareta interessene til innbyggarane i Vang, og næringslivet i kommunen, inkludert oss som forvaltar landbrukseigedomar.
3. Vang kommune er nær 100 prosent privateigd. Dette er unikt i landssamanheng, men like fullt er det slik at det er grunneigarane som faktisk eig grunnen i Vang kommune.
4. Det betyr at det også er grunneigarane som eig ca. 70 prosent av vegnettet i kommunen.
5. Dette vegnettet blir, av ein for meg uforståeleg grunn, definert som utmark når det ligg meir enn 10 cm snø på desse vegane. Då er naturen plutseleg mykje meir sårbar enn når sumarens alle køyretøy fær forbi til lands og til vanns.
6. På dei forskjellige hyttedestinasjonane i Noreg er det vanleg praksis å leggje til rette for at hytteeigarane skal kunne benytte sine hytter mest mogleg, og med færrast moglege hindringar. Dvs. med heilårsvegar, straum, vatn/avlaup, mobildekning, breiband osb. Dette er bra! Folk treng å kome seg på hytta, få kople av og stresse ned. Det gagnar også lokalsamfunna rundt i Bygde-Noreg at det er slik.
Andris og Helge med klar oppfordring: – No må folk verkeleg vakne
7. Me som bur på bygda, som har vårt arbeid i primærnæringane, og som har stølar som ligg slik til at det fort blir meir enn 10 cm snø på stølsvegane, har også behov for å kome på hytta, få kople av, og stresse ned. Det er berre det at hytta, som tilhøyrer garden, har en annan betegnelse. Stølshus! Slik dette forslaget føreligg vil me ikkje ha moglegheit til dette utan å bli kriminalisert, mistenkeleggjort, og i verste fall rettsforfylgd og domfelt! For å køyre snøscooter på eigen veg, over eigne utmarksteigar, til våre eigne sæl/hytter!
8. Kommunen kan ikke tillate seg å begrense grunneigarane sin tilgang til eigen eigedom på denne måten. Dette vil være eit sterkt overgrep på grunneigarars rettigheiter og eigedom. Ber kommunen tenke grundig over ordet "grunneigar" og dets betydning! Ein grunneigars rett til eigen eiendom må gå føre andre intensjonar.
Eg meiner at:
Raud sone må fjernast i sin heilheit. Slik forslaget føreligg meiner eg dette er eit sterkt overgrep på rettigheiter på eigen grunn, dersom det skulle bli vedteke! Truleg er det også rettsstridig!
Ved å setja område som raud sone, forbyr i praksis kommunen grunneigarane å benytte, føre tilsyn med, samt nødvendig person- og godstransport i landbruks- og skogbruksnæring av våre stølar, samt eigde utmarksteigar. Å bruke stølane i rekreasjonssamanheng på vinterstid er for oss i primærnæringane like viktig som for andre å få kome på hytta.
Det er også fleire grunneigarar som har vinterbruk av sæl/støl som ein del av næringsgrunnlaget på garden, som å hente ut ved osb. Desse må få moglegheit til å utøve denne bruken, og sjølv frakte sine gjester og varer fram og tilbake, sjølv om det skulle være 11–12 cm snø på stølsvegane. Utan byråkratiske søknadsrundar og eit overvakingsregime!

Motorferdsel på ubrøyta stølsvegar: Det som blir vedteke no, vil me måtte leva med i mange år framover
Det skal ikkje vera nødvendig med dispensasjonar og søknadar om løyver for grunneigarane og nær familie, for å køyre snøscooter og/eller beltebil til eigne stølar. Då særleg fordi: Dersom grunneigar brøyter sin private veg til sin støl, vil grunneigar ikkje trenge noko løyve for køyring uavhengig av køyretøy. Vegen er då ikkje lenger å betrakte som utmark.
Difor må det opnast for køyring med beltekøyretøy på dagens vegnett vinterstid for dei som måtte ynskje det.
Rekreasjonskøyring for alle på same vegnett bør også tillatast. Spesielt er dette behøveleg for eldre, funksjonshemma og handikappa. Eg tenkjer med stor harme tilbake på eit møte i kommunal regi om dette emnet for ein del år sidan. Då dette spørsmålet kom opp, sa ein av dei offentlege innleiarane føljande: «Den som ikkje kjem seg ut i naturen på eigne bein, må leva på gamle minner og bilete.»
Dette var så hjerterått at eg ikkje har gløymt det. Diverre ser det ut til at det er saksbehandlarar i kommunen som framleis forvaltar same tankesett. Eg lurer på om pipa hadde fått ein annan lyd om dei sjølve plutseleg vart avhengige av hjelp og rullestol?
Eg meiner også at det bør anleggast faste snøscooter-trasear, gjerne gjennom fleire kommunar. Dette har kommunen moglegheit til med heimel i forskrift om motorferdsel.
Avslutningsvis vil eg nemne den snøscooter-hendinga som har gjort sterkast inntrykk på meg gjennom dei over 40 år eg har køyrt snøscooter. For ein del år sidan kjøpte fire gamle kårkallar her i hovudsoknet kvar sin snøscooter. Alle hadde støl på Helin. I helgane med fint vintervêr treftest disse fire, på kvar sin snøscooter. Så køyrde dei over åsen, etter kvarandre, i 30-40 km/t, på sine eigne snødekte stølsvegar, og ned til Helin, til eit av sæla sine. Der sette dei seg i solveggen og drakk kaffe, og skravla om gamle dagar, om ferme budeier og «gokarsstykkjo» frå hine hårde dagar.
Eg var heldig og fekk snakke med desse karane ved fleire slike anledningar. Når sola var på hell sette dei seg på snøscooterane og køyrde heim att. I dag hadde nok dette vore ulovleg, og kunne i verste fall fått økonomiske konsekvensar, i tillegg til mykje stress. Vil kommunen verkeleg ha det slik?
Eg vil difor forbehalde meg retten til, på ein fin vinterdag, å setje meg på snøscooteren og køyre langs snødekte vegar som eg er deleigar i, køyre gjennom gardens utmarksteigar, fram til stølen vår, og der drikke kaffen min, og kose meg i sola utanfor sælet, og prate med min medbrakte betre halvdel, før me set oss på snøscooteren og køyrer heim att. Eller, kanskje me overnattar ei natt eller to.
Og det utan å ha dårleg samvet, eller å risikere å få politi eller oppsyn på nakken!