Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er snakk om 37 tingrettar og 19 jordskifterettar, der det no blir opp til kommunane, domstolleiarane og dei tilsette å gå inn for gjenoppretting eller for å behalde den nye strukturen. Slik kan vi få opp mot 60 sjølvstendige tingrettar og 34 sjølvstendige jordskifterettar igjen, slik vi hadde for eitt år sidan. SV lovde også å gjenopprette domstolane før valet, og vi forventar at dei står for lovnaden sin.
Det har vorte brukt mange ulike argument om domstolane. Senterpartiet frykta at fleire rettsstader skulle bli borte, men det vart det sett ein stoppar for. Dei mindre rettsstadane vart heller filialar under sentral leiing. No er spørsmålet kva som skjer med mindre rettsstader på sikt.
Einaste garanti for å halde fram som rettsstad, er å vere sjølvstendig domstol. Vi veit av andre liknande prosessar, at manglande stadleg leiing og ein administrasjon fjernare frå dei det angår i seg sjølv bidreg til sentralisering av ressursane. Vi sa og klart ifrå om at massive samanslåingar av domstolar sjølvsagt vil føre til færre sjølvstendige domstolar, og fekk støtte av mellom anna jusprofessor Eivind Smith.
Riksrevisjonen kom i 2019 med ein alvorleg rapport om brot på fristar hjå domstolane. Det vart peika på eit potensiale i å effektivisere. Men, det vart ikkje dokumentert nokon samanheng mellom storleiken på den einskilde domstol og tida på handsaming av sakar. Tvert om, fleire mindre domstolar hadde og god og stor framdrift i sakshandsaming, og få sakar vart anka til høgare rettsinstans. At få sakar går vidare i rettssystemet, vitnar om ei god avgjerd i fyrste rettsinstans.
Fram til nyleg var det fire sjølvstendige tingrettar i Oppland. No er dei fire samanslegne til nye Vestre Innlandet tingrett. Høgre hevda at rettsstadane skal vera likeverdige og ikkje ha eitt hovudsete. Det er då merkeleg at det på domstol.no står at Gjøvik er staden ein skal kontakte den nye tingretten.
Senterpartiet fekk rett i at nedlegging av domstolar vart massiv. For Oppland sin del betyr reforma det at dei sjølvstendige tingrettane på Fagernes, Lillehammer og i Vågå ikkje lenger eksisterer. Der er det no berre avdelingar under den nye tingretten på Gjøvik. Dette får vi stadfesta når vi går på nettstaden til dei norske domstolane, www.domstol.no, der det står: «Fra og med 26. april 2021 er antallet tingretter redusert fra 60 til 23. Det skal imidlertid fortsatt være rettssteder hvor det til nå har vært domstoler.»
Når 60 har vorte til 23 på landsplan og fire domstolar har vorte til ein i Oppland, er det ikkje like mange domstolar att. Men ja, rettstader er det like mange av - enn så lenge. Mange stader i landet ser vi at dei domstolleiarane som var motstemmer til sentraliseringa har mista stillinga si som domstolleiar. Det er synd, fordi domstolleiarar kan delta i samfunnsdebatten på ein friare måte enn vanlege dommarar kan.
Senterpartiet styrka økonomien til domstolane alt i 2022. Men, det er grunn til å forvente press på dei rettsstadene som inntil nyleg var sjølvstendige domstolar. Press kan koma i form færre tilsette, mangel på nødvendige investeringar for framtida og at dei tilsette må reise mykje meir enn før.
Senterpartiet i regjering har ei løysing: Gjenopprette både dei 60 tingrettane og dei 34 jordskifterettane. Men då må det lokalt vere eit ynske om det, og ynsket må ytrast no før høyringsfristen går ut 26. april.