VANG: –Det er mykje spennande som står på planen for Frivilligsentralen denne hausten. Mykje er slik som før, og noko blir litt annleis, smiler Marte Tangen, leiar ved Vang Frivilligsentral.
Startskotet for ein ny haust har gått og det betyr at dei faste aktivitetane på Frivilligsentralen og Vang folkebibliotek er tilbake i kalenderen. Lekseklubb, datakafé, teiknekollektiv, språkkafé og strikkekafé er blant anna noko av det som står på plana framover.
Og med mange ballar i lufta, kjem også behovet for fleire som kan væra med og bidra.
- Denne hausten treng vi faktisk fleire frivillige for å dekke opp alle aktivitetane vi har på programmet. Alt frå folk med litt datakunnskap, til dei som vil væra samtalepartnar på språkkafé, seier Tangen.
Låg terskel for å bidra
Marte fortel at terskelen for å hive seg med som frivillig skal væra låg, og at alle kan bidra om dei ynskjer det. Denne hausten treng ho blant anna frivillige til å bidra både på datakafé, språkkafé, øvingskøyring og middagsservering på Storplogen.
– Spesielt datakafé har vore ein stor suksess og vi ser eit heilt klart behov for å halde fram med dette. Mange er frårøva moglegheita til å utføre tenester dei før har klart fint sjølve, men som datakunnskapen no sett ein stoppar for, seier Tangen.
– Dette er eit demokratisk problem og vi som samfunn må ta tak i dette. Vi vil prøve ut ein litt annan form enn kurset vi hadde i vår, og då ønskjer vi frivillige med for å bidra. Som frivillig treng ein ikkje vere kjempegod på data, så framt ein kan litt, har tålmodigheit og ynskjer å hjelpe andre, seier Tangen.
Vil sakne Sparstad
Ein kjent og kjær aktivitet for mange var norsktimen med Elisabeth Sparstad.
– Det blir eit stort sakn etter Elisabeth og den innsatsen ho la ned gjennom mange år. Vi kan ikkje erstatte henne, så tanken no er å prøve oss på ein litt anna form, ein språkkafé der folk rett og slett berre pratar saman. Her treng vi mange frivillige samtalepartnarar som vil væra med å trene på norsk, smiler Tangen.
– Til slutt treng vi også ein ekstra frivillig som kan væra med på middagsservering på Storplogen. Kvar sundag er det ein god handfull frivillige som rullerer på å serverer middag og et saman med dei som bur der. Då inngår dette i ein turnus på kvar femte sundag, legg ho til.
Årets TV-aksjon
Årets TV-aksjon går til Plan sitt arbeid mot barneekteskap og går av stabelen 24. oktober. Nytt i år er at Frivilligsentralen har ansvar for å nedsette Vang sin komité.
– Me treng ein frå kvar grend her i bygda som har ansvar for å finne bøssebærarar i si grend. Frå tidlegare har det ikkje vore vanskeleg å finne nok folk til å bere bøsser. Det er mange engasjerte og ivrige som ynskjer å væra med, og det er svært positivt, smiler Tangen.
– På Frivilligsentralen er vi også svært opne for idear om for eksempel næringsliv, frivillige lag eller andre ønsker å væra med på ein kampanje eller bidra med å setje fokus på anna vis, legg ho til.
Spennande planar på gang
Sjølv om haustprogrammet ikkje er heilt klart enda, kan leiaren for Frivilligsentralen fortelje om mykje spennande på planen framover.
– Me skal i samarbeid med biblioteket ha eit haustprogram klart innan kort tid, med oversikt over alt som kjem til å skje fram mot jul, fortel Tangen.
– I tillegg har vi fleire, fine prosjekt på gang som handlar om frivillig innsats. Blant anna er vi i gang med eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, læringssenteret, folkehelsekoordinator, ansvarleg for migrasjonshelse og Innovangsjon, legg ho til.
Neste år er det nemleg frivilligheitens år, og tid for å verkeleg sette den frivillige innsatsen på kartet.
– Eg ynskjer gjerne innspel på kva vi kan gjere for å sette den frivillige innsatsen enda meir i fokus. Me ynskjer å løfte fram og byggje opp under alle dei flotte aktivitetane som allereie eksisterer i kommunen, smiler Tangen.