Gå til sidens hovedinnhold

Dette kostar straumen deg, eigentleg, i Valdres:

Artikkelen er over 2 år gammel

Siste straumrekninga frå Kraftriket Valdres viser ein straumpris på 79,50 øre per kilowattime. Dette er ille nok, men berre litt over halve sanninga.

Valdres: Litt rask rekning syner at det kostar deg og meg langt meir å bruke elektrisk straum, faktisk rundt 1,40 kroner per kilowattime (kWh) med noverande prisar frå Kraftriket Valdres, som Valdres Energi Strøm AS er del av.

Pluss, pluss, pluss

For i tillegg til å kjøpe sjølve straumen må du for kvar kWh betale for nettleige (såkalla energiledd) til det lokale selskapet som har straumnettet.

Oppå dette att kjem årleg fastbeløp både for nett og kraft. Desse er dei same uansett om du brukar lite eller mykje straum, og utgjer for tida 4.444 kroner i året.

20.000 kWh i året

Dersom du brukar 20.000 kWh i året, til ein pris på 79,50 pre per kWh, blir det 15.900 kroner berre for sjølve straumen.

Når du legg til alle dei andre kostnadene blir dei totale utlegga på eit år 27.136 kroner.

Deler vi dette ut att på 20.000 kWh viser det seg at straumkjøpet eigentleg har kosta deg 1,36 kroner per brukt kWh.

15.000 kWh i året

Dersom du vil spare litt meir på straumen, og kanskje brukar berre 15.000 kWh i året, blir prisen for kvar kWh faktisk endå verre, heile 1,43 kroner.

Straumrekninga for heile året blir då 21.463 kr, som heldigvis er om lag 5.500 kroner lågare enn om du hadde brukt 20.000 kWh!

Mange kraftselskap

Tilsvarande reknestykke må sjølvsagt gjerast uansett kvar du kjøper straumen frå.

Så kan du gjerne bruke tid på å orientere deg i jungelen av straumselskap og prisar, og kanskje spare nokre kroner på sjølve kraftkjøpet.

Nettleiga må du uansett betale til det kraftselskapet som eig nettet der du bur eller har hytta di.

Kommentarer til denne saken