– Dette opprører meg verkeleg! Det blir eit stort press på kommunar, det fører til frislepp av scooterkøyring og ulovleg scooterkøyring

Snøskuter: – 30. april sende Klima og miljødepartementet ut høyringsbrev til kommunane, høyringsfristen er sett til 1. august, men saka skal altså handsamast 5. mai, skriv Mai Bakken, Innlandet SV.

Snøskuter: – 30. april sende Klima og miljødepartementet ut høyringsbrev til kommunane, høyringsfristen er sett til 1. august, men saka skal altså handsamast 5. mai, skriv Mai Bakken, Innlandet SV. Foto:

Av

SP; kommunalt sjølvstyre berre ein gong i blant? AP; eit miljøparti?

DEL

Meninger30. april sende Klima og miljødepartementet ut høyringsbrev til kommunane, høyringsfristen er sett til 1. august, men saka skal altså handsamast 5. mai! Saka gjeld endring i forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark. SP har i fleire rundar fremma forslag om å fjerne vilkåra om at ein må vere 2,5 km frå brøyta bilveg for å få løyve til å bruke scooter til frakt av bagasje og folk. SP har støtte frå FRP og dei har nå også støtte frå AP.

Stortinget gjer den 5. mai vedtak i denne omdiskuterte saka, 3 månader før høyringsfristen som kommunane har fått. SP som er det partiet som gong på gong pratar om lokalt sjølvstyre, meir makt til kommunane, mot sentralisering av makta, og at ein må stole på lokale politikarar, ha tillit til at kommunane sjølve skal gjera vurderingar i saker som vedkjem distrikta, står nå i «bresjen» for å presse igjennom dette.

Nå har dei også støtte frå AP som innimellom hevdar at dei er eit miljøparti. På det viset får dei altså pressa igjennom ei sak som vedkjem distrikta på ein svært udemokratisk måte.

Dette opprører meg verkeleg! Det blir eit stort press på kommunar, det fører til frislepp av scooterkøyring og ulovleg scooterkøyring. Natur skal enda ein gong ofrast for populistiske vedtak.

Nå må de vakne og stå for noko her AP og SP! Stå opp for naturen, stå opp for distrikta som byr på friluftsområde, stå opp for lokaldemokratiet, stå opp for demokratiet!

Mai Bakken, Innlandet SV

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags