Generalsekretæren i DNT og vandrarpresten i Vang var trekkplaster då DNT Valdres inviterte medlemsmøte måndag kveld

Ny generalsekretær: Dag Terje Klarp Solvang i DNT er mektig stolt av det arbeidet som er lagt ned av foreininga gjennom snart 152 år.

Ny generalsekretær: Dag Terje Klarp Solvang i DNT er mektig stolt av det arbeidet som er lagt ned av foreininga gjennom snart 152 år. Foto:

Generalsekretæren i DNT og vandrarpresten i Vang var trekkplaster då DNT Valdres inviterte medlemsmøte måndag kveld, skriv DNT Valdres på sine nettsider.

DEL

Leira: Rundt 50 møtte opp på Valdres vidaregåande skule, der styreleiar Merethe Lundene ynskte velkomen.

Treng fleire dugnadshjelparar

Merethe Lundene orienterte kort om aktiviteten i år, om kurs, dugnader og mellom 70 og 80 avvikla turar. Dessutan om eit aktivt engasjement med uttaler i fleire friluftspolitiske saker, blant anna rundt vindmøller og om fjellgrense for hyttebygging. Og ho inviterte fleire til å melde seg som dugnadshjelparar med rydding og merking av ruter, skriv DNT på sine heimesider.

Så overtok Dag Terje Klarp Solvang, som i fjor haust vart ny generalsekretær i DNT, "verdas kjekkaste jobb", som han sjølv sa.

- Kjenner Valdres godt

Solvang kjenner elles Valdres godt, mellom anna etter ti år som kokk og drivar av den tidlegare vandrarheimen på Valdresflye. Han var også i Valdres for eitt år sidan, då det vart feira at Vinda ikkje blir utbygd, skriv DNT.

Solvang fortalte engasjert om det enorme frivillige arbeidet i DNT, som årleg utgjer nesten 900.000 dugnadstimar. Han orienterte om vegvala framover, der stikkorda i år er mangfald og inkludering, neste år er det bærekraft, i 2021 kortreist friluftslykke, og i 2022 om frivillig-arbeidet, skriv DNT ved referent Tor Harald Skogheim.

Vandrarpresten: Den gode samtalen medan du går er ein viktig del av turen, sa Ingebjørg Vik Laugaland.

Vandrarpresten: Den gode samtalen medan du går er ein viktig del av turen, sa Ingebjørg Vik Laugaland. Foto:

Å gå rikare vidare

Etter ein kort pause var det klart for bildeforedraget "Å gå rikare vidare", ved Ingebjørg Vik Laugaland. Ho er sokneprest i Vang, men har langt meir enn teologi i bagasjen, blant anna klatrekurs, brekurs og turleiarutdanning. Dette brukar ho aktivt i foretaket vandrarpresten.no, der ho tilbyr "tur med meining", teambuilding, foredrag samt vigsel til fjells, skriv DNT på sine heimesider.

- Eg opplevde tidleg som turleiar i DNT at mange hadde behov for å prate, at samtalen var like så viktig som sjølve turen frå A til B, og dette er berande i opplegga mine, sa ho.

Ansvarleg Torkjell Haugen orienterte om at dei deltakarane som er kvalifiserte for krus med Skaget-bilete på kan hente krusa på turistkontoret på Fagernes frå tidleg i desember.

Info: Ansvarleg Torkjell Haugen orienterte om at dei deltakarane som er kvalifiserte for krus med Skaget-bilete på kan hente krusa på turistkontoret på Fagernes frå tidleg i desember.

Info: Ansvarleg Torkjell Haugen orienterte om at dei deltakarane som er kvalifiserte for krus med Skaget-bilete på kan hente krusa på turistkontoret på Fagernes frå tidleg i desember. Foto:

Artikkeltags