Dagstur Heimdalen – Sjodalen med seniorgruppa i DNT Valdres

Sjodalen: Mot Sjodalen

Sjodalen: Mot Sjodalen Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Bli med på fottur ned i idylliske Heimdalen, og over fjellet med utsyn til tindane i Leirungsdalen og ved Gjende og vakre Sjodalen 28. august.

DEL

Heimdalen: Turen startar i Heimdalsmunnen. Vi går på umerka, men lett og tydeleg sti ned til Sandbakkbue i Øvre Heimdalen. Der frå følgjer vi DNT-stigen over fjellet mot Maurvangen. Turen endar ved fylkesveg 51 mellom parkeringsplassen ved Vargebakken og Maurvangen. Vi må ha minst ein bil parkert der. Det er for langt å gå opp att til Heimdalsmunnen langs vegen.

Kjent frå mellomalderen

Heimdalen er ei litt bortgøymt naturperle og er kjent frå mellomalderen. Den har vore eit viktig beiteområdet og kjelde til konfliktar opp gjennom tidene. Vi har ein lengre pause ved Sanbakkbue. Den er ei av Øystre Slidre fjellstyre sine opne hytter. Her vil turleiar fortelja om dalen frå mellomalderen til i dag. Frå Sandbakkbue går DNT-stigen litt bratt, men ikkje langt opp lia. Snart er vi oppe på den nakne flya mellom Bruskarsknappane og Heimdalshøe. Her frå er det i fint ver imponerande utsyn mot tindane i Leirungsdalen og rundt Gjende. Nedstigninga mot fylkesvegen er lang, men ikkje særleg bratt. Her er det flott utsyn over øvre delen av Sjodalen.

Ikkje krevjande men ha god fysisk form

Sjølve fotturen er på ca. 10 km og varar 4,5 timar. Starten ved Heimdalsmunnen ligg på ca 1180 m.o.h., Sandbakkbue på 1100 m.oh. og høgste punktet på turen på 1380 m.o.h. Målet for turen ligg på ca. 1000 m..o.h. Det er ingen spesielt krevjande parti på turen. Men du må vera i god fysisk form. Oppe på flya kan det blåsa ein del. Det er mange blaute parti. Ein av bekkane er så brei at vi må bruka dei vadestokkane som er sett opp på kanten, eller eigne stavar. Kle deg godt for ein lang dag i fjellet. Ta med sokkeskift. Ha med godt med mat og drikke.

Avreise frå Shell sør på Fagernes kl. 08.30, Rogne s-lag kl. 08.50, Coop Prix på Heggenes kl. 09.10 og turistinfo. på Beitostølen kl. 09.25. Vi er tilbake på Fagernes ca. kl. 18.00. NB! Vi ønskjer ikkje å avlysa turar. Dersom veret blir for dårleg til at vi kan gjennomføra heile turen, vil den difor bli lagt om eller avkorta.

Frist for påmelding: 27. august kl. 12.00

Kart:

Mesterkart: Turkart Øystre Slidre 1: 50 000

Norgesserien 1: 50 000: Espedalen 10057, Otta 10065 og Bygdin 10056

Artikkeltags