Slektsstemne på Tvindehaugen

Ved minnesteinen: Nokre av etterkomarane til Kari og Gudbrand ved minnesteinen på Tvindehaugen, med utsikt til toppane vest for Tyin. Dagens Gudbrand Andrisson Skattebo (9) rett til venstre for støtta i blå jakke.

Ved minnesteinen: Nokre av etterkomarane til Kari og Gudbrand ved minnesteinen på Tvindehaugen, med utsikt til toppane vest for Tyin. Dagens Gudbrand Andrisson Skattebo (9) rett til venstre for støtta i blå jakke. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ved Jonsok var det slektstreff for etterkomarane til Kari Haldorsdotter og Gudbrand Andrisson Skattebo.

DEL

Dei dreiv Den Norske Turistforening si fyrste hytte i Jotunheimen, Tvindehaugen ved Tyin, frå 1875 til 1900, og var med det del av oppstarten til fjellsporten i Noreg. Her fekk dei mellom andre besøk av William Cecil Slingsby og Ernst Sars, og Gudbrand var turførar for Therese Bertheau då ho gjekk sin fyrste 2000-meterstopp i 1885, Uranostinden.

Ein annan spennande gjest som var mykje innom, var Edvard Grieg. Gudbrand nemnast som kjelde for to av melodiane i Griegs opus 66: «Liten var guten» og «I Oladalom». Begge desse songane vart framført ved kveding og langeleik på slektstreffet som vart halde på Tyinholmen fjellstuer vel 140 år etter at Kari og Gudbrand byrja som drivarar ved Tyin.

Kari og Gudbrand fekk sju ungar. Seks av dei levde opp, ei av døtrene utvandra til USA, og tre stifta eigne familiar i Valdres: Inga, Marit og Andris. På Tyinholmen var det samla i alt 41 barnebarn, oldebarn, tippoldebarn og tipp-tippoldebarn. Det vart to flotte dagar med godt vêr, tur, historier, musikk og bildeframsyning i lag med gamle og nye kjente. Stor takk til alle slektningar for frammøtet, og til jentene på Tyinholmen fjellstuer for godt stell.

Gullik, Andris og Sigrid Skattebo

Artikkeltags