Dramatisk for næringslivet i Vang: Permitteringar i alle bransjar

Medan mange andre har fått heilt stopp i omsetninga, er det framleis travelt for matbutikkane i Vang - med stor omsetning og fleire smitteverntiltak.  Butikksjef ved Coop Prix Fjellvang, Anine Rauken Kattevold, har iverksett eit strengt reinaldsregime om dagen.

Medan mange andre har fått heilt stopp i omsetninga, er det framleis travelt for matbutikkane i Vang - med stor omsetning og fleire smitteverntiltak. Butikksjef ved Coop Prix Fjellvang, Anine Rauken Kattevold, har iverksett eit strengt reinaldsregime om dagen. Foto:

Av

Det er permitteringar i alle bransjar og dramatiske inntektstap for dei fleste bedrifter i Vang. Raskast og hardast har det så langt ramma reiselivet der mange bedrifter vanlegvis gjer unna mykje av årsinntekta si den neste månaden.

DEL

VANG: – Fyrste helga i mars hadde vi et 60-årslag og god omsetning. Det låg an til å bli ein rekordsesong for oss med opp mot 4000 overnattingar og ei omsetning på 4,4 – 4,8 millionar brutto ut vintersesongen, fortel Solbjørg Kvålshaugen, vertinne ved Fondsbu turisthytte på Eidsbugarden. Med fullt varelager, storstilt produksjon på kjøkkenet og riktig bemanning var ho klar for å ta unna dei travlaste vekene gjennom heile året framover. Kort tid etter er alle dei tilsette er permittert ned til minimale stillingar og bedrifta på god veg inn i likviditetskrise.

– Alt av bidrag til oss og andre i same situasjon er livsviktig no. Det handlar om å overleve som bedrift på både kort og lang sikt, fortel Kvålshaugen.

Stengte dører

Fondsbu har stengt dørene, men Kvålshaugen held fortet i Jotunheimen om det dukkar opp folk som har vore lenge i fjellet og ikkje fått med seg situasjonen.

Også alle andre hotell og overnattingsstader i fjellet er stengt. Samstundes har no alle eteplassar stengt og Tyinkrysset Fjellstue som skulle opne til påske har utsett dette på ubestemt tid. Førre helg vart skiheisen både i Raudalen og på Tyin-Filefjell stengt.

Det er strøkne tilhøve i høgfjellet, og Fondsbu gå no glipp av opp mot fem millionar i omsetningen resten av vintersesongen.

Det er strøkne tilhøve i høgfjellet, og Fondsbu gå no glipp av opp mot fem millionar i omsetningen resten av vintersesongen. Foto:

Av servicetilbod er både Føsse Frisørstudio, Tindulf Hyttebutikk, Intersport Filefjell, Belindas hud og velvære, og Ryfoss treningssenter stengt.

Følg bedriftene på Facebook for å få dei seinaste oppdateringane – du kan gjera ein forskjell når dørene opnar att og bidra til å syte for at bedriftene våre overlev.

Alle bransjar permitterer

Nokre bedrifter har permittert heile arbeidsstokken, andre har permittert dei aller fleste, mens eit par driv som før krisa slo inn. Sjølvsagt med ei rekkje smitteverntiltak.

– Eit par av bedriftene har til dømes permittert fordi dei ikkje får møte på byggjeplass/anleggsområde. Andre har stengt verksemd og bedt om betalingsutsettelse på lån då inntektssida er heilt borte, fortel næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.

Han har dei siste dagane vore i tett dialog med smått og stort av næringsdrivande i Vang og kan melde om full stopp i ordretilgang.

– Det er viktig å understreke at det framleis er mogleg å både få utført arbeid og ta kontakt om prosjekt fram i tid. Alle bedriftsleiarar jobbar lange dagar no og er på for både kundar og tilsette. Kanskje er dette tida for å sette i verk oppussingsprosjekt på hytta. Sette oppdraget bort til lokale entreprenørar og nyte ferien ute når den tid kjem, fortel Bruflot.

Vaktmeistertenester av diverse slag er så langt ikkje råka nemneverdig, men brøyte-behovet går drastisk ned, så her skal mykje anna til for å vege opp for det. Monter Kvismo har både heimlevering og utlevering frå butikk for å hindre smitte best mogleg.

Matbutikkane held stand

Så langt har det vore særs travle dagar for dei tre matbutikkane i Vang med fulle handlevogner og mange smitteverntiltak.

– Det var tendensar torsdag og fredag til at folk handla litt ekstra, men ikkje så heftig at det vart open hamstring, fortel Monica Litangen, dagleg leiar ved Joker Ryfoss.

Dei måtte hente ekstra varer fredag og har handvask, handsprit og eingangshandskar lett tilgjengeleg for kundane. Som dei andre matbutikkane i Vang tilbyr dei også utkøyring enn varer, der trykket har vore noko høgare enn vanleg.

Butikksjef Monica Litangen ved Joker Ryfoss har god kontroll på vareflyt og smitteverntiltak.

Butikksjef Monica Litangen ved Joker Ryfoss har god kontroll på vareflyt og smitteverntiltak. Foto:

Joker Tyinkrysset har no stor omsetningssvikt og har sett i verk permitteringar, mens Coop Prix Fjellvang har framleis høgt handletrykk.

– Dei fleste er nøye med handvask og held avstand. Samstundes vaskar vi dagen lang og fyller på pall etter pall med varer. Det har gått meir enn vanleg, men vi er per no ikkje tomme for noko, fortel dagleg leiar ved Coop Prix Fjellvang, Anine Rauken Kattevold.

Ho minner også om å ikkje ta med born på butikken, samt å vera der lenger enn høgst nødvendig.

Med fleire smitteverntiltak og stor omsetning har det vore travelt for matbutikkane i Vang. Mange andre har fått heilt stopp i omsetninga.

Med fleire smitteverntiltak og stor omsetning har det vore travelt for matbutikkane i Vang. Mange andre har fått heilt stopp i omsetninga. Foto:

Gjennomfartstrafikken borte

Vang Auto-Service AS og YX Ryfoss har sett i verk ulike tiltak for å unngå spreiing av smitte og no etter helga har også omsetninga vorte ramma hardt.

– Etter sundag var det bråstopp på gjennomfarten. Vi justerer opningstidene frå og med tysdag, men held oppe matservering og håpar bygdefolket støtter opp om både oss og dei andre som framleis held ope, fortel Elisabeth Skeie Øraker, dagleg leiar ved stasjonen i Ryfoss.

Ho vil også understreke at dette er krevjande og usikkert også for dei tilsette.

– Eg er særs takknemleg ovanfor våre tilsette som syner både medkjensle og forståing for dei vala vi har vorte tvungne til å ta dei siste dagane, seier Øraker.

Stopp i gjennomgangstrafikken har ført til begrensa opningstider hjå YX Ryfoss.

Stopp i gjennomgangstrafikken har ført til begrensa opningstider hjå YX Ryfoss. Foto:

Breie konsekvensar

Med stor breidde i næringslivet er det også stor breidde i konsekvensar. Landbruket går stort sett som normalt på kort sikt, mens til dømes persontransport har stoppa heilt opp.

– Det er ingen inntening på korkje bilar eller tilsette, så det er klart situasjonen er kritisk for transportnæringa, fortel Bruflot.

Fleire frilansarar melder elles om full ordrebok som no er heilt eller delvis tom. Aktørar på Kontorfellsskapet 1724 som jobbar mot reiselivet lyt tenke alternativt om dagen, og ja – vert det Vinjerock?

– Kort fortalt planlegg vi for det verste, og håpar på det beste. Vi jobbar framleis ut ifrå at det vil bli Vinjerock til sommaren, forsikrar festivalsjef Sigrid Skjerdal.

Ho har stor sympati med alle dei kulturaktørane som allereie er ramma hardt og understrekar at Vinjerock er innstilt på å rette seg etter dei råda myndigheitene til ein kvar tid gjev.

Valdres sparebank og andre bankaktørar har meldt seg på banen og tilbyr hjelp gjennom avdragsfriheit, betalingsutsetting og på andre måtar. Samstundes vert det rulla ut nye tiltak på løpande band for å hindre konkursar. Valdres sparebank har dessutan stengt filialane sine og du lyt kontakte dei via e-post eller telefon.

Saras kafe har som Mjøsvang kafe og Filefjellstuene lagt ned matserveringa no.

Saras kafe har som Mjøsvang kafe og Filefjellstuene lagt ned matserveringa no. Foto:

Montér Kvismo tilbyr både heimkøyring av byggjevarer og utlevering av varer ved døra.

Montér Kvismo tilbyr både heimkøyring av byggjevarer og utlevering av varer ved døra. Foto:

Artikkeltags