Frikar jaktar nye draumar

På gjensyn: Draumefangaren blir å sjå også i 2019.

På gjensyn: Draumefangaren blir å sjå også i 2019. Foto:

«På grensa til galskap» og «Hallgrim spenner buen skyhøgt» var måtar avisa Valdres skildra Draumefangaren 2018 på. I 2019 spenner FRIKAR bogen igjen, og pila vil lande i Åbjørajuvet, kanskje i lag med 3.000 publikumarar.

DEL

Aurdal: Tysdag 30. oktober blir billettane for versjon to av Draumefangaren lagt ut for sal.

Nye «Peer Gynt»

FRIKAR frå Aurdal er kjent for å ta sats og gjennomføre risikofulle prosjekt. Men då Draumefangaren også vart ein utselt publikumssuksess med 2500 publikumarar har FRIKAR bestemt seg for å satse vidare sjølv om det er vanskelegare å finansiere gjenopptaking av eksisterande danseforestillingar. Datoane for 2019 blir 26.–28. juli og 2.–4. August. FRIKAR inviterer no reiselivet i Valdres til å ta sats for å skapa ein årleg attraksjon som trekker tusenvis til Valdres for kunstopplevingar og natur.

– Det er inspirerande å sjå kor flinke reiselivet og Peer Gynt på Gålå har vore til å samarbeide om å byggje publikum i eit langsiktig perspektiv, fortel kunstnarleg leiar Hallgrim Hansegård.

Han har tidlegare vore både hallingdansar på Gålå og regissert eigne oppsetjingar for Peer Gynt AS i Italia og Frya-juvet. Men no vil han byggje opp noko langsiktig på heimebane.

– Vi ynskjer å presentere Valdres på det beste. Tilbakemeldingar frå publikum er at dei verkeleg får skjerpa sansane i Draumefangaren. Vi har lyst til å samarbeide med dyktige overnattingsbedrifter og matprodusentar for å optimalisere opplevingane dei tek med seg heim frå Valdres, avsluttar Hansegård.

Han fortel at reiselivet i Gudbrandsdalen har vore flinke til å planleggje transport til arena, tilleggsaktivitetar ved eige overnattingsstad og marknadsføring. Slik har bedriftene fått meir ut av det kjende skodespelet.

Utfordrande prosjekt

Draumefangaren er i motsetning til Peer Gynt eit nyskrive scenekunstprosjekt med leikande og eksperimentelle uttrykk. Prosjektet samla 120 friviljuge og 30 utøvarar og kosta om lag 2,4 millionar kroner å gjennomføre. Til neste år får ikkje FRIKAR bestillingsverkstønad sidan verket allereie er laga, noko som gjer det utfordrande å setja i gang. Men den store interessa blant publikum gjev ein tryggleik som gjer det mogleg å satse vidare.

– Veldig mange har spurd om datoar neste år, og sagt at dei har så lyst til å ta med venene sine. Det er ein viktig grunn til at vi tek mot til oss og satsar vidare, fortel initiativtakar Hallgrim Hansegård.

Både han og valdrisen og FRIKAR-dansar Anita Vika Langødegård fekk «smaka steika» då dei var med på leiken i sumar. Langødegård laut skifte rolle frå dansar til inspisient då ho braut olbogen då ho dansa i ein foss sikra i klatretau. Hansegård steppa inn som vikar for Langødegård uvitande om at han hadde brot i foten. No har dei kasta fatla og krykkene og er klare for neste års Draumefangaren.

Nasjonalt tilfang Parkeringsvaktene ved Åbjørajuvet kunne i sumar fortelja om 80-90% tilreisande frå heile landet. Også svenskar og tyskarane tok turen.

– Kombinasjonen av interaktiv vandring der publikum sjølv vel løype og tempo med leiken og modig kunst er unik i Norge. Vi trur Draumefangaren kan bli ein nasjonal og internasjonal attraksjon, avsluttar Hansegård.

Artikkeltags