Drikkevatnet i Vang sentrum er friskmeldt

Prøver som er tatt av vatnet, viser at det er trygt å drikke. Det melder Vang kommune på nettsidene sine.

DEL

VANG: Det er tatt ut vassprøver tre stader i nettet ved Vang vassverk. Prøvene viser at vatnet har god hygienisk standard. Det er ikkje lenger naudsynt at drikkevatnet blir kokt, opplyser kommunen.

Det var innlekking av overflatevatn, gjennom ein sprekk i muren til reintvassbassenget, som vår årsaka til forureininga. Muren er no utbetra for å unngå at det skjer igjen.

Bakgrunn: Påvist E. coli: Drikkevatnet i Vang sentrum må kokast

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken