– Dropp trillestigen på Flye!

YNSKJER IKKJE TRILLESTIG: – Det er fint at også rørslehemma kan oppleve tilnærma urørt natur. Men er dette måten å gjere det på? spør Tor Harald Skogheim i dette lesarinnlegget.

YNSKJER IKKJE TRILLESTIG: – Det er fint at også rørslehemma kan oppleve tilnærma urørt natur. Men er dette måten å gjere det på? spør Tor Harald Skogheim i dette lesarinnlegget. Foto:

Av
DEL

MeningerValdresflye er av dei mest sårbare naturområda i Øystre Slidre. Likevel har kommunen sett i gang bygging av ein 980 meter lang såkalla trillestig her, i 1200 meters høgde, frå fylkesveg 51 inn til Rjupetjednet. Dette er konfliktfylt, mellom anna fordi arbeidet vart starta sist haust, utan varsling eller høyring, utan dispensasjon frå gjeldande arealplan – og syner det seg, i konflikt med truga fugleart i området.

Intensjonen er god, å gje rørslehemma lett tilgang til oppleving i (urørt?) natur. Men alle inngrep her vil gje særs synlege og varige spor, og både i Øystre Slidre og elles i landet må vi snart ta inn over oss at både hyttebygging og andre inngrep et opp stadig meir urørd natur. Det minskar naturopplevinga.

Friskt i minnet står bygginga av ein annan såkalla trillestig for nokre år sidan, frå parkeringa ved Garli nord for Beitostølen, opp mot Knausane. Det vart til ein fleire meter brei veg som i standard overgår mange fylkesvegar. Trillestigen på Valdresflye skal visstnok berre bli 120 centimeter brei. Men blir den verkeleg det? Og kor mykje meir areal blir berørt av maskinarbeidet? Blir det som ved Knausane?

Og kva med ny parkeringslomme som skal opparbeidast på vestsida av vegen nokre hundre meter nord for brua over Nørdre Rjupa? Terrenget på vestsida ligg fleire meter høgare enn fylkesvegen, så inngrepet med avkøyring og parkering vil bli særs omfattande og synleg, i tillegg til sjølve trillestigen.

Grunneigar Statskog har sagt eit tvilande ja, men ber kommunen dempe tilrettelegginga.

Ja, det er fint at også rørslehemma kan oppleve tilnærma urørt natur. Men er dette måten å gjere det på, ved omfattande inngrep i noko av det mest sårbare og (nesten) urørde naturen vi har att?

Og berre for å presisere: det stemmer ikkje det som ordførar Holden er sitert på i avisa, at det er ein anleggsveg inn til Rjupetjednet i dag. Også bilete som har vore i avisa syner heilt tydeleg at traktorspora som vart laga for 60 år sidan framstår som to smale, parallelle turstigar. Det er noko heilt anna enn trillestigen som no kan bli resultatet.

Formannskapet i Øystre Slidre skal ha opp saka denne veka – det er ikkje for seint å snu!


Tor Harald Skogheim

Artikkeltags