Gå til sidens hovedinnhold

Du er ein del av Noregs beredskap

Ei av de viktigaste oppgåvene for staten er å ta vare på sikkerheit og tryggleik til befolkninga. Likevel oppfordrar DSB alle innbyggarar til å kunne klare seg sjølv i eigen heim i minst tre dagar dersom det skjer ei krise. Kvifor gjer vi det?

Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Betyr det for eksempel at folk ikkje vil få hjelp dersom straumen blir borte eller drikkevatnet blir forureina?

Nei, det betyr ikkje det. Folk som treng det vil få hjelp. Men kanskje ikkje alltid med en gong.

Om noko skjer, for eksempel eit omfattande straumbrot, ein flaum eller andre hendingar som kan ramme viktig infrastruktur, vil myndigheiter, næringsliv og aktuelle organisasjonar jobbe på spreng med feilretting og utbetring. Timar eller dagar blir lange når straumen er borte og vinterkulda bit. Har du tenkt gjennom korleis du kan holda varmen dersom straumen går?

Sjølv om Noreg er blant verdas mest trygge og stabile land må vi være førebudd på at også vi, og våre familiar, kan mista tilgangen på viktige varer og tenester for ein periode.

Og det er nettopp fordi alle ikkje kan få hjelp med ein gong vi ber folk gjera nokre enkle førebuingar: Kva har eg i hus som kan væra nyttig ved ei hending? Veit eg korleis eg bruker dette utstyret? Har vi lagra drikkevatn? Er det nokon som kan trenge hjelpa mi? Kanskje er det ein nabo som treng hjelp til å handla, eller til å forstå kva som er lurt å gjere.

Er du førebudd, er det ikkje bra berre for deg og dine nærmaste. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølv og dei rundt oss den første tida, kan den akutte hjelpa settast inn der behovet er størst. Hjelper du deg sjølv, så hjelper du også andre.

Noregs beredskapsaktørar er gode, men vi er eit langstrakt land med relativt få innbyggarar. Derfor må vi samarbeide for å få ut det beste av norsk beredskap.

Forsvaret og sivilsamfunnet er for eksempel gjensidig avhengige av kvarandre. Innsats frå godt organiserte frivillige organisasjonar kan vere heilt naudsynt i mange ulike hendingar. Mykje kritisk infrastruktur er eigd av næringslivet, derfor blir eit godt offentlig-privat samarbeid stadig viktigare i et sikkerheitsperspektiv. Media er viktige for å formidla rask og korrekt kriseinformasjon, men også ved å stille dei kritiske spørsmåla som kan bidra til auka sikkerheit.

I dette samarbeidet inngår faktisk også du. Og norske kommunar og beredskapsaktørar er heldige som har ei ressurssterk befolkning med mykje formell og uformell kunnskap som kan være relevant i krisesituasjonar.

Kva bør du ha i hus? DSB sitt eksempel på eit beredskapslager finn du på www.sikkerhverdag.no. Det kan vere eit godt utgangspunkt, men er ikkje ein fasit som passar for alle. Sjølv har eg litt ekstra av havregryn, for det kan eg nesten ikkje klare meg utan.

Frå 1. til 7. november arrangerer vi Eigenberedskapsveka – der målet er at innbyggarane skal bli betre førebudde til å klare seg sjølv i ulike kriser. Eg vil derfor avslutte med å oppfordre deg til å tenke gjennom din eigen beredskap.

Saman er vi førebudde!

Kommentarer til denne saken