Denne vesle og vidunderleg vene skapningen flaug mot mitt vindauga nyleg, og då vart han liggjande urørleg på terassen vår

Lite sammenstøt: Denne fuglen kolliderte med vinduet til Halldis Thune. Les den skjønne historien.

Lite sammenstøt: Denne fuglen kolliderte med vinduet til Halldis Thune. Les den skjønne historien. Foto:

Av

Denne vesle og vidunderleg vene skapningen flaug mot mitt vindauga nyleg, og då vart han liggjande urørleg på terassen vår, men eg fekk varleg lyfte han opp og varleg samla den eine vengen hans saman og lyfta han opp på rekkverket, der han ville få ein lett start på si flygeferd vidare, om det ville gå bra med han då?

DEL

Men på nettet fekk eg svar på spursmålet mitt: Skadd liten fugl, at han truleg hadde fått ein liten hjernerystelse etter å ha møtt vindauga, og at han vonleg ville livne til att etter ein halv time eller so, om han ikkje kom til å miste livet sitt då? Og der sat han heilt urørleg, men berre blunka nokre gonger, då eg såg til han. Men so, etter vel ein halv time, der eg småsnakka med han, kvikkna han plutseleg til og utruleg kjapt flaug avgarde, sikkert minst like glad som eg, som hadde fått ta del i ei lita, men vanskeleg flygehending i det unge livet sitt.

Artikkeltags