Underhaldande gjest i skogen

Lavskrike: Den uvanleg nysgjerrige fuglen sette seg stadig på kvistar like over hovuda våre.

Lavskrike: Den uvanleg nysgjerrige fuglen sette seg stadig på kvistar like over hovuda våre.

Artikkelen er over 1 år gammel

Ei utruleg tam lavskrike var triveleg innslag ved matpausen på skituren.

DEL

Yddin: Fuglen var ukjend for oss, og det var fyrst etter å ha sendt bileta til fuglekjennaren Thor Østbye i Vang at vi fekk vite at det var ei lavskrike, også kalla raudskjorte.


Henta brødsmular

Det var på ein skitur ved Yddin vi såg fuglen, under matpausen i kanten av ei myr litt etter Yddestølen, i ein solvendt og lun skråning.

Fuglen var stor som ein trost, delvis raudbrun på vengjer og stjert, og uvanleg nysgjerrig. Den flaug frå kvist til kvist i grantrea som stod like rundt oss, og sette seg i ro eit par meter over hovuda våre.

Vi kasta nokre brødsmuler på snøen, og kort etter var fuglen der, tok biten i nebbet og sette seg på ein kvist like ved. Dette gjentok seg fleire gonger, på det næraste henta den bitar berre ein meter frå skotuppane våre. Særs underhaldande var det, tilsvarande har vi aldri opplevd med «ville» fuglar ute i naturen. Duer, ender og småfuglar i byen er noko heilt anna.

Kan ete frå handa

Østby fortalte at lavskrikene kan blir så tamme at dei et frå handa di. Han gjorde også merksam på ein artikkel om lavskrika, som stod i Valdresmagasinet i desember 2014, der han bidrog med bilete.

Artikkeltags