Høgsesong for elgpåkøyrslar

Påkøyrsel: Ulykker der elg og personbil er involverte kan ende tragisk for begge partar. No er det høgsesong for påkøyrslar.

Påkøyrsel: Ulykker der elg og personbil er involverte kan ende tragisk for begge partar. No er det høgsesong for påkøyrslar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er mykje elg i Valdres no, og ved snøfall aukar risken for at du møter skogens konge, front mot front.

DEL

Valdres: – Natt til onsdag køyrde eitt av avisboda i distribusjonsnettet til Valdres Media på ein elg ved Hovde, på fylkesveg 33 over Tonsåsen. Elgen forsvann, medan bilen fekk såpass materielle skader at det vart bråstopp for avisruta denne natta, fortel distribusjonsleiar Svein Olav Sletten.

Vêravhengig

– Alt er vêravhengig. Det ser du heile tida. Snøfall set i gang trekk, men eg trur ikkje det er så mykje meir trekk nede i dalføret no enn vanleg er. Snø og fullmåne påverkar elgtrekket. Det blir meir rørsle, fordi elgen leitar etter mat. Rundt juletider er det høgsesong, seier ettersøksjeger i Nord-Aurdal, Bjørn Einar Thon.

– Etter jul blir dei meir rolege, og dei vandrar ikkje så mykje. Men dei går etter beite, etter fjordkantane. Eit eksempel er Sebufjorden, der det er mykje kratt og godt beite langs iskanten. Blir det mykje snø, så spring dei etter vegen. Det er no det farlegaste som finns, seier den erfarne elgjegeren.

Utsette stader

Viltansvarleg i Nord-Aurdal, Christian Rieber-Mohn, følgjer Thon, i alle fall delvis.

– At mykje snøfall påverkar elgtråkket heng eg med på. Vi har god statistikk på påkøyrslar, og ein har sett nærare på dette med fullmåne. Det er nok noko synsing og mytar. Norsk institutt for naturforsking (NINA) har undersøkt dette, og ikkje funne noko mønster i elgpåkøyrslar og månefasar, seier Rieber-Mohn.

Skilting er det Vegvesenet som styrer, og eit eksempel på ein utsett stad er langs E16 ved Strand, der det er varsel via ei oransje blinklampe.

– Syver Øistuen i Vegvesenet og vi har jamleg dialog om dette. No er vi midt inne i den tida med flest påkøyrsler. Dei mest utsette plassane i Nord-Aurdal er fylkesveg 51 nord for Fagernes og E16 mellom Strand og Svennes Camping. Også sør for Bjørgo, opp for Hådem på fylkesveg 51 mot Gol og i Vestringsbygda skjer det påkøyrslar, seier Rieber-Mohn.

Både elg, hjort og rådyr

Ser ein på statistikken for Nord-Aurdal, viser den at det hittil i år er varsla om påkøyrsel av 18 elg, åtte hjort og 12 rådyr. Tala for hele 2016 var 20 elg, sju hjort og åtte rådyr.

– Det er flest elgpåkøyrslar, men også ein god del rådyr og hjort, mellom anna ved Sebufjorden, fortel Christian Rieber-Mohn.

– Vi opplever også at folk ikkje ringer, og det er tragisk. For få dagar sidan vart ein elg påkøyrd, utan at den som køyrde på elgen varsla noko. Då ettersøkingsjegeren kom fram til staden var elgen død. Lovverket her er strengt, og ein pliktar å melde ifrå, seier Rieber-Mohn.

Ring 02800 – Ikkje 112

Thon syns det er merkeleg at folk ikkje veit betre.

– Lappen heng i ein svært tynn tråd dersom du ikkje varslar. Avliving på ein human måte er jobben vår, og det er tragisk å kome til ein stad å finne eit dødt dyr som er seigpina, seier Bjørn Einar Thon.

Når det gjeld varslingsrutinar blir du neppe arrestert om du ringjer 112, men rett nummer er 02800. Då blir du sett over til næraste politiinstans, som har oversikt over ettersøkspersonell i sitt distrikt.

Når ulykka er ute

  • Få oversikt over eventuelle skadde personar og gje førstehjelp/kontakt 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  • Ring Politiet på 02800 og meld frå om påkøyrselen.
  • Merk påkøyrselsplass – dette for å kunne spore skadde dyr.
  • Fylg aldri etter eit skadd dyr sjølv. Det kan både vere farleg og vanskeleggjer ettersøkshundens arbeid.


Ein elgpåkøyrsel kostar ifylgje forsikringsselskapet If 150.000 kr (2013):



Artikkeltags