Gå til sidens hovedinnhold

Dyrt i distrikta

Høge straumrekningar og kommunale avgifter er ein hemsko for distriktskommunane.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Førre veke skreiv me her i avisa om eit opprop mot det høge avgiftsnivået i Sør-Aurdal kommune. Heilt konkret har ein husstand i kommunen fått auka utgiftene til vatn og kloakk med over 50 prosent frå 1. halvår 2019 til 1. halvår 2021. Totalt gjennom året utgjer auka ein god slump pengar for ein familie, over 1000 kroner ekstra kvar månad. Plussar me på dei ekstraordinært høge straumutgiftene i år, blir det mindre å rutte med for hushaldningane etter at dei faste utgiftene er betalt.

Les også

Sterk misnøye med avgiftsnivået på vatn og avløp i Sør-Aurdal

Dei høge avgiftene har ført til opprør i kommunen. Over 400 har per no meldt seg inn i Facebook-gruppa «Opprop mot kommunale avgifter i Sør-Aurdal kommune». Om dei lukkast med å senke avgiftene, er derimot eit heilt anna spørsmål.

Saka illustrerer kor utfordrande det er for små kommunar med få innbyggjarar å halde dei kommunale avgiftene nede. Ordførar Marit Hougsrud seier at vatn og kloakk blir drive etter det såkalla sjølvkostprinsippet – altså at avgiftsnivået skal svara til det det kostar å drive med vassforsyning og avløp». Problemet til mange små distriktskommunar med spreitt busetning, er at det er mykje som skal haldast ved like og investerast i, medan det er fåe abonnentar/kundar å dele utgiftene på. Sør-Aurdal ligg likevel i pristoppen i Valdres, sjølv om mange av kommunane deler dei same utfordringane som Sør-Aurdal.

Geir Hagadokken, innbyggjar i Sør-Aurdal og initiativtakar til Facebook-gruppa, meiner prisnivået i kommunen er uhaldbart. Han fortel at han har slutta å vatne plenen rundt huset, han vaskar ikkje bilen heime lenger, og har montert sparedusjar i heimen – og likevel held prisane fram med å stige. Det må kjennest ganske frustrerande når ein gjer det ein kan for å spara vatn utan at det får konsekvensar for rekninga som skal betalast. Totale kommunale utgifter for familien på to vaksne og to born er om lag 35 000 kroner.

Ifylgje ei orientering i kommunestyret i mai meiner kommunen at det ikkje er avdekt openberre feil i avrekningar til kundane etter innføring av straummålarar. Kommunen har også mål om at fleire av husstandane i kommunen skal kople seg på det kommunale nettet, og at kostnaden for kvar enkelt då vil gå ned. At det er stipulert med ei auke også framover, verkar truleg ikkje mobiliserande på framtidige kundar.

Sør-Aurdal jobbar for tida med eit prosjekt som har som mål å få opp folketalet. Kommunen har ein utfordrande jobb når Sør-Aurdal ligg på pristoppen i offentlege utgifter.

Kommentarer til denne saken