Gå til sidens hovedinnhold

E16 og Fagernes

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Utan ny E16 er det stopp for Fagernes, skriv journalistveteran Bjørn Karsrud i eit godt avisinnlegg 27. april.

Der trefte Bjørn spikaren på hovudet. Eg håpar at politikarane i heile Valdres har lagt merke til denne grundige analysen av utviklinga i regionsenteret som Bjørn her presenterer. Saka er overmoden etter mange tiår med endelause diskusjonar om traséevalg etc.

Alle valdrisar har eit forhold til regionsenteret anten dei bur i Sør-Aurdal eller Vang. Dette er ikkje ei sak berre for nordaurdøler eller fagernesingar. Politiske prosessar tek tid – både med planlegging og finansiering. Det veit vi altfor godt.

Korleis vil Fagernes bli om t.d. 20 år dersom det ikkje snart skjer eit politisk gjennombrot? All erfaring seier at ein står mykje sterkare overfor sentrale styresmakter dersom heile det politiske Valdres er einige om ei løysing. Difor er det avgjerande viktig at politikarane i heile Valdres står saman og gjer som Bjørn Karsrud skriv: «No må politikarane ta grep».

Les også

Utan ny E16 er det stopp for Fagernes

Kommentarer til denne saken