Nærmar seg ferdig på E16 Filefjell

Prosjektleiar Odd Erik Haugen (t.v.) orienterte denne veka Vang-ordførar Vidar Eltun om kva som står att på delstrekning Øye-Eidsbru. Her foran den 2 km lange Rødølstunnelen.

Prosjektleiar Odd Erik Haugen (t.v.) orienterte denne veka Vang-ordførar Vidar Eltun om kva som står att på delstrekning Øye-Eidsbru. Her foran den 2 km lange Rødølstunnelen. Foto:

Av

Anleggsarbeidet på E16 Filefjell har pågått sidan 2010. No er den siste delstrekninga i sluttfasen, og til hausten blir det markering av at heile anlegget er ferdig.

DEL

Filefjell: E16 Filefjell har vore bygd ut som fire delprosjekt i denne rekkefølgja:

Eidsbru-Varpe 2010-2012

Borlaug-Smedalsosen 2011-2014

Varpe Bru-Smedalsosen 2014-2017

Øye-Eidsbru 2016-2019

– Siste delprosjekt er forseinka, då me har hatt utfordringar med å få arbeidet utført til avtalt tid og til rett kvalitet. Men me jobbar for å finne løysingar i lag med entreprenørane Strabag og Aldesa, og trafikken vil bli sett på i Rødølstunnelen så snart det elektriske anlegget er ferdig og dokumentasjon er overlevert slik at tunnelen kan sikkerheitsgodkjennast, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

Mest vintersikre fjellovergangen mellom aust og vest

Når siste delstrekninga er avslutta, er det brukt rundt 3,3 milliardar kroner for å utbetre vegen over Filefjell til å bli den mest vintersikre fjellovergangen mellom Austlandet og Vestlandet. Og at vegen fungerer som planlagt viser seg gang på gang når uvêret slår inn: På andre fjell er det kolonnekøyring og stenging medan E16 Filefjell stort sett har fri ferdsel.

– Me har opplevd mykje i løpet av åra me har bygd veg på Filefjell. Førre kontrakt med Hæhre og Mesta elektro gjekk svært smidig å få bygd, og blei ferdig i god tid før sluttfrist. Men no er me i ein litt anna situasjon, seier Haugen.

Både Strabag (Austerrike) og Aldesa (Spania) har det til felles at dei er nye i den norske anleggsmarknaden. Dei måtte setje saman heilt nye team her i landet, og det tek tid og er meir utfordrande enn å få inn eit godt drilla arbeidslag som kjem rett frå eit anna vegprosjekt.

Ein snøfattig og mild vinter har vore gunstig for vegarbeidet på siste delstrekninga, og held vêret fram slik utover i mars blir det gode forhold for å leggje siste hand på verket ute i dagen.

– Me gjer det me kan for å få siste stykket av vegen ferdig så fort som muleg, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

Aust for Rødølstunnelen: Dumpar og bulldosar frå Strabag i arbeid med masseflytting.

Aust for Rødølstunnelen: Dumpar og bulldosar frå Strabag i arbeid med masseflytting. Foto:

Artikkeltags