Gå til sidens hovedinnhold

Eg vil nytte sjansen til å takke alle dei som frivillig - og ufrivillig - har stilt seg til disposisjon for å fylle spaltene i avisa

SIGNERT

Då eg starta som journalist i avisa Valdres 1. juli 1987, kom eg tilbake til min barndoms grøne dal, og til eit moderne, nybygd avishus med store areal på fire flater. 1987 var midt i jappetida, og midt i avisene sin gullalder. Eg var likevel imponert over å koma til ei lita lokalavis med slike lokalitetar, med etter kvart 60 tilsette, og med eit lønnsnivå som den gongen ikkje låg så mykje under lønna eg hadde i den tidlegare jobben min som informasjonskonsulent i Samferdselsdepartementet. Men så hadde avisa også eige avistrykkeri, boktrykkeri, annonseavdeling og administrasjon med eige rekneskapskontor.

Den store arbeidsstokken heldt seg oppe til globaliseringa litt utpå 2000-talet sende boktrykkoppdraga til Polen, Baltikum og Kina. Og i kjølvatnet av dette kom etter kvart Google og Facebook og stakk av garde med mykje av annonsepengane.

På 80-talet auka folketalet, alle pilar peika oppover, og annonsørane sverma rundt avisa som biene rundt honningkrukka. Annonsesidene i avisa var for dei næringsdrivande vegen til meir sal og større inntening. Journalistane skreiv artiklane sine inn på Norsk Data sine brune datamaskiner med grøn skjerm og gult tastatur. Men det var ein redaksjon utan internett og telefaks. Pressemeldingar og offentlege sakspapir kom i posten. Typografane måtte klistre opp satsen på avissidene ved hjelp av skalpell. Og bildestoffet vart formidla i svart-kvitt – heilt til vi fekk filmframkallingsmaskin for fargefilm i 1996. Samtidig fekk vi ny avisrotasjonspresse. Dette gjorde det muleg å gje ut ei avis med fargefoto. Heilt fram til 2018 hadde avisa eige avistrykkeri i kjellaren. Når ein høyrde at pressa begynte å gå, visste ein at neste dags avis var i boks.

Som avistilsett var ein med på å tilverke eit sluttprodukt så å seia i forlenginga av tømmerstokken. Kanskje var neste dagsavis eit resultat av treet som nokre veker før var hogge i Valdres og gjort om til avispapir på Follum papirfabrikk. I dag er vi framleis på papir, trass i at prognosemakarane alt for 10–15 år sidan spådde papiravisas død.

Men 1996 var framleis steinalder i forhold til det som skulle koma. Rundt 1998 fekk vi tilgang til e-post og internett. Og frå 2001 gjekk vi over til digitale kamera. Vi kunne sende bilda rett inn på desken frå vår eigen datamaskin utan å søle med helsefarlege kjemikaliar i mørkerommet. Men for journalisten var smarttelefonen den største revolusjonen. No kunne du nå intervjuobjektet i fjøset, i tømmerskogen, på byggjeplassen, på idrettsbanen – eller du kunne få eit kjapt sms-svar frå ein ordførar sjølv om han sat i eit langt møte. Og eit bilde var ikkje lenger unna enn eit knips og nokre tastetrykk på mobilen.

Nye arbeidsreiskapar har gjort kvardagen enklare for journalisten, men bidreg også til å gjera arbeidsdagen ekstra utfordrande. Med nettavisa har du ikkje lenger deadline ein gong om dagen, men kontinuerleg 18 timar i døgnet. Nettavisa må matast jamleg om ho skal bli interessant for lesarane.

Kommunikasjonen med lesarane skjer også på ein annan måte enn før. Kommentarfelta opnar, på godt og vondt, for kjapp tovegskommunikasjon. E-post gjer det enkelt for intervjuobjektet å be om sitatsjekk og gjennomlesing. Det har den fordelen at du unngår å sitere feil, og du får korrigert ting du kan ha misforstått. Men det betyr også ekstra stress for journalisten når det er knappe tidsfristar. Og av og til sensurerer intervjuobjektet seg sjølv og går tilbake på friske utsegner, noko som kan gjera saka tannlaus og uinteressant.

Nettilgang gjer det elles lettare å skrive truverdig og faktabasert. Med internett ligg innhenting av bakgrunnsinformasjon, som til dømes data frå Statistisk sentralbyrå, berre nokre tastetrykk unna.

Sidan 1987 har det runne mykje vatn under Fagernesbrua. Journalistar og redaktørar har kome og gått, men avisa har bestått. Avisa har også overlevd dramatiske kampar om eigarskapen til avisselskapet og – i kjølvatnet av dette – ei rekke nedbemanningar, strukturendringar og omstillingsprosessar.

Som allroundjournalist har eg i løpet av ein mannsalder vorte kjend med nesten kvar einaste krok og krik i dalføret, og eg har møtt tusenvis av interessante personar i alle aldrar. Det har gjort livet rikare. Eg har også fått sjansen til å arbeide mykje med interessefeltet mitt, samferdsel. Spesielt interessant har det vore å følgje arbeidet som mange valdrisar har lagt ned for E16. Og så var det kommunepolitikarane. Grå og kjedelege, vil ein del seia. For meg har alle desse menneska med ulik partibakgrunn utgjort eit fargerikt fellesskap.

Eg vil nytte sjansen til å takke alle dei som frivillig – og ufrivillig – har stilt seg til disposisjon for å fylle spaltene i avisa, og som har bidrege til interessante lesaropplevingar for avisa sine lesarar.

Likeins vil eg takke minst eit hundretals dyktige kollegaer som eg har hatt den store gleda av å arbeide saman med. Det er mykje høg kompetanse som gjennom åras løp har gått inn og ut av dørene i Skrautvålsvegen 15.

Avisa Valdres skal bringe nyheiter og spegle samfunnet på godt og vondt. Facebook og klikkjournalistikken lokkar stadig journalistane til å konkurrere om kuriøse saker. Kuriøse saker er viktig krydder i alle aviser, men det må ikkje overskygge det faktum at avisene har eit samfunnsansvar – eit ansvar for å setja dagsorden og bringe fram saker som er viktige for samfunnet og demokratiet.

Eg vil ønskje avisredaksjonen og den nye sjefredaktøren lykke til vidare med det som tidlegare er felt ned som visjon for avisa: «Med hjarte for Valdres – for å skapa framtid av fortid og samtid».

Kommentarer til denne saken