(SOGN AVIS): – Det er jo meldt eit forferdeleg vêr, konstaterer trafikkoperatør Jan Audun Marøy i Statens vegvesen.

Stormen «Otto» er altså på veg og på kysten av sørvestlandet er det venta vindkast heilt oppi 40 meter i sekundet.

– Uvêret er venta å treffa hardast lenger sør, men ein veit jo aldri. Eg ville tenkt meg om viss eg skulle over fjellet i ettermiddag, seier Marøy.

Fredag morgon er alle fjellovergangane inn og ut av Sogn opne, men Vegvesenet melder at kolonnekøyring kan bli innført på Vikafjellet på kort varsel. Her skal det ifølgje yr.no snø i heile dag, koma opp i liten kuling i ettermiddag og over 20 sekundmeter i kasta.

Også fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er det fare for at kan bli stengd frå klokka 11 fredag til fredag kveld klokka 22.30, melder Statens vegvesen.

Det er også sendt ut gult farevarsel på grunn av kraftig snøfokk i fjellet i Sør-Noreg – farevarselet gjeld heile Langfjella frå Setesdalsheiene i sør til Dovre i nord. Farevarselet startar klokka 10 i føremiddag og varar til laurdag klokka 13.

Både i Indre Sogn, Jotunheimen og lenger sør er det dessutan snøskredfare på oransje nivå fredag og vidare i helga, som altså er starten på vinterferien for fleire.