Onsdag utførte ein Ap-politikar eit, ifylgje partiet sitt, uhøyrt val: Under ei avstemning i fylkestinget røysta Erik S. Winther mot eit vedtak fatta av representantskapet i Innlandet Arbeidarparti. Slik vart det knappast mogleg fleirtal - 29 mot 28 - for ei rådgjevande folkerøysting om oppløysing av Innlandet. Representantskapet, som på ingen måte representerer heile Innlandet, hadde avgjort at Ap skulle seia nei til rådgjevande folkerøysting i Innlandet om framtida til fylket. Winthers sivile opprør mot representantskapet kan no koste han medlemsskapet i Arbeidarpartiet.

Det seier det meste om Arbeidarpartiets partipisk. I eit parti som dei seinare åra har vore belemra med stadig fleire #metoo-historier, kan ein framleis vera medlem sjølv om ein tafsar på unge AUF-jenter. Ein politikar som står på lokallaget sin politikk, og partiets primærstandpunkt frå før tvangssamanslåinga av Oppland og Hedmark til Innlandet, risikerer derimot å få medlemsskapet riven i filler ved eksklusjon.

Samanslåinga av Oppland og Hedmark til Innlandet har vorte framstilt som eit ekteskap. Reint statistisk ender 40 prosent av alle ekteskap med skilsmisse. Spørsmålet er om ekteskapet kan bergast gjennom god rådgjeving. For folkerøysting skal det no bli om framtida for Innlandet fylke - eit fylke som strekkjer seg frå dei svenske skogar i aust til vasskiljet og Sognefjorden i vest, frå Storfossdammen og Orkla-vassdraget i nord til grenselosmuseet i sør.

Ei folkerøysting er kanskje det beste som kunne skje Innlandet fylke. Truleg er det slik at fylkespolitikarar og administrasjonen har kjent på slektskapet i langt større grad enn befolkninga elles i gamle Hedmark og Oppland fylke. Noko av det som blir reist frå sida som ikkje ynskjer folkerøysting, er at det er få som vil nytte seg av høvet til å røyste, at innbyggjarane eigentleg ikkje bryr seg, at det er ei komplisert (!) sak, at det har kosta mykje pengar å slå saman Hedmark og Oppland, og vil koste ytterlegare å oppløyse fylket, og at det fører til usikkerheit hjå dei tilsette.

Desse årsakene er meir eller mindre plausible. Men no har partia og fylkespolitikarane ei unik moglegheit til å fortelje oss uinspirerte, uinteresserte og ukunnige innlendingar kvifor me skal røyste for at Innlandet skal bestå. Den moglegheita bør politikarane gripe.