Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Denne helga kan me for fyrste gong på tre år gå inn i julehøgtida utan å tenkje over kor mange gjester me kan ha til middag, eller i løpet av jule- og nyttårsfeiringa. Me kan gje kvarandre ein god klem, og me slepp å uroe oss for at familie, vener eller oss sjølve må sitje åleine i karantene eller isolasjon.
Men den fyrste «normale» jula på tre år, bør likevel gje rom for ettertanke. Det har vore eit spesielt år, og ei spesiell førjulstid, då me gjekk frå ein pandemi til krig i Europa. Krigen i Ukraina har kosta og kostar mykje for ukrainarane, med tap av menneskeliv, skadde, og store øydeleggjingar av heimar, bygningar og infrastruktur. Krig er forferdeleg, og det er diverre lite som per no tyder på at den er over med det fyrste. I Valdres er det denne jula fleire ukrainske familiar som skal feire si fyrste jul som flyktningar, langt frå øvrig familie, vener og heimane sine. Me håpar dei får ei så fredfull og fin julefeiring som mogleg, om dei feirar no eller i januar.

– Vi har snudd oss rundt og ferdigstiller det nå
Jula 2022 bør bli omtankens jul. Mange har slite og slit økonomisk med å få familiens budsjett til å gå i hop. Prisauken på alt frå mat til klede, drivstoff og straum, i tillegg til renteoppgangane i haust, gjer at mange har ein stram økonomi. «Å glede seg til jul» har difor ikkje vore like enkelt for alle. Jula er høgtida for å ta fram tradisjonane, frå julepynten ungane laga då dei var små, til gorooppskrifta til bestemor, julemat og kyrkjebesøk.
Alle forventningane me har til jula kan vera vanskeleg å nå opp til. Det er verdt å ofre folk rundt oss ein ekstra tanke i denne tida. Er det nokon som treng ekstra hjelp? Me er flinke til å halde fasaden. Men korleis står det til bak fasaden, når julematen er klar og kyrkjeklokkene har ringt jula inn? Når folk forsvinn inn til seg sjølve? Kva ventar bakom vindauga? Ikkje alle har det like lett. Er me gode nok til å sjå og ha omtanke for kvarandre, til dømes for ungane som gruar seg til jul fordi foreldra drikk for mykje alkohol?
Det er openbert at det er fleire som treng støtte og hjelp, også her i Valdres. For mange har det vore ei krevjande juletid. Med den siste renteoppgangen og straumprisar som vil halde seg høge, blir det også ein krevjande vinter.
Til slutt vil me ynskje alle lesarane våre ei retteleg god jul.