Eidsbugarden: Vertinnene på Fondsbu DNT og Eidsbugarden Hotell stiller i bunad denne dagen. Dei oppmodar folk til å stille i tidstypiske antrekk frå 1800-talet, og det vil bli kåring av beste antrekk med ein gild premie. Det blir opning av Vinjestigen og tur opp til Vinjeknappen, servering av rømmegraut og spekemat, akevittsmaking, Vinjeforestilling, folkemusikk, aperitif og festmiddag.

Akevitt med båt

Den gongen Vinje kom til Eidsbugarden fyrste gong og for å innvie bua si, kom han roande over innsjøen Bygdin. Det var den greiaste vegen hit på den tida, før bilvegar og motoriserte båtruter. På denne måten kjem dei 151 flaskene Vinjeaquavit Jubileum Spesialutgaave til Eidsbugarden denne dagen. Denne akevitten er produsert for å hylle fjellkaren, journalisten, husmannsguten, romantikaren, rockaren og rebellen Aasmund Olavsson Vinje. 3 trebåtar med eit samla mannskap på 7 skal ro heile vatnet frå Raudfjorden til Eidsbugarden med ei last på til saman 151 nummererte flasker Vinjeaquavit Specialutgaave frå 1868 – 1/151 til 2018 – 151/151.

Akevitten finst i fyrsteopplag som Vinjeaquavit Jubileumsutgaave på Vinmonopolet (i sal frå 18. juli), og er tilgjengeleg for alle. Vinjeaquavit er utvikla av Sol-Birg Bobler og Bok og Det Norske Brenneri. Dette er en mild og lett somarakevitt med lite karve og mykje fjellvekstar som til dømes kvann, fjellbjørk, rosenrot og einebær.

Feiring

Aasmund Olavsson Vinje kom fyrste gong til Eidsbugarden ei gong på 1860-talet – vi veit ikkje heilt eksakt år. Det vi veit heilt sikkert er at bua han fekk reist var ferdig og vart innvia i 1868, for 150 år sidan i år. Aasmund var fødd 6. april i 1818 i Vinje i Telemark og difor feirar vi 200-årsdagen hans i år. Steinhovudet av Vinje som er vorte varemerkje til staden Eidsbugarden vart reist i 1968 til minne om 100-årsdagen for Vinjebua og plassen, og 150-årsdagen for Vinje. Denne statuen feirar i år 50 år. I tillegg til dette er Den Norske Turistforening 150 år i år, og Vinje var ein av initiativtakarane til stiftinga. Thomas Heftye, DNTs fyrste styreformann overtok Vinjebua så Vinje døydde i 1870, og starta «Vinjeboden losji for fjellvandrere» i august same året. Dette var starten på fjellturismen på Eidsbugarden og norsk fjellturisme for den del.