Gå til sidens hovedinnhold

Ein bør bli forbanna over at det meste ein betalar i butikken, havnar i lomma på baronane i matvarekjedene. Ikkje hos bonden.

Det kokar i bondestanden. Det sikraste vårteiknet er her; jordbruksoppgjeret.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I år ligg det ann til å bli eit jordbruksopprør. Norske bønder er lei. Utgiftene aukar. Inntektene står stille. Det vert færre bønder, som driv større for å overleve. Utan auka lønn jobbar ein døgnet rundt for å produsere mat til deg. Trygg og rein mat produserast på dugnad.

Kvar er forbrukaren? Det er ikkje venta at mannen på gata skal ha studiepoeng i landbrukspolitikk. Men alle forbrukarar bør ha ei grunnleggjande forståing av at matproduksjon kostar pengar. Ein bør bli forbanna over at det meste ein betalar i butikken, havnar i lomma på baronane i matvarekjedene. Ikkje hos bonden.

Det er mange meiningar om bønder. Forbrukermakt, og lekfolk har svært stor påverknad på korleis fagfolk skal gjere jobben sin. Bønder får mykje kritikk. Folk hevdar ein ikkje tek godt nok vare på dyra sine, at ein ikkje er klimavenleg og ein utgiftspost for storsamfunnet. Krava vert stadig høgare. Folk gløymer det viktigaste for trygg matproduksjon; velferden til bonden.

Eg er truleg dum som tek ei landbruksutdanning. Ynskjer ein ikkje eit levande landbruk, treng ein ikkje å utdanne fagfolk. Om inntekta, og statusen til matprodusentane ikkje får eit løft, så mistar ein ungdommen i næringa. Svært få orkar eit liv der ein arbeider seg i hel, for å få minsteløn og kjeft.

Me treng ikkje ha matproduksjon i Noreg. Det er eit val me tek; korleis skal landet vårt sjå ut i framtida? Nordmenn nyt godt av at bønder nesten jobbar gratis.

I fjor, på noregsferie såg du mykje fint kulturlandskap, halde i hevd av bønder. Har du hytte har du kjøpt hyttetomta di av ein grunneigar, som kanskje også er bonde. Truleg er det også sekstenåringen med odel som brøytar vegen dit.

Mange lokalsamfunn er grunnlagt fordi folk slo seg ned for å drive jorda, beite i fjella og utnytte ressursane. Etterkvart som fleire kom, auka behovet for infrastruktur som skuler, dokterkontor og matbutikkar. No er sjølve livsnerven i bygde-Noreg truga. Folk legg ned. Det er ikkje lønnsemd i livsverket deira lenger.

Kvar gong eit gardsbruk vert lagt ned, så får det konsekvensar for heile samfunn. Ei sterk strukturrasjonalisering av jordbruket gjev færre arbeidsplassar. Me får eit fattigare Noreg, med importert mat, større risiko for antibiotikaresistens og dårleg dyrehelse.

Me treng ein ny kurs for det norske jordbruket, der forbrukaren er med på laget. Det er for seint å sakne bonden når siste kyr er slakta, og kornet ikkje lenger haustast. Eit inntektsløft gjer at næringa kan imøtekome fleire forbrukarkrav, og samstundes ha ei leveleg løn. Det gjev større handlingsrom, og moglegheit til å betre produksjonen. Slik kan me framleis ete trygg mat, og leve gode liv i heile landet.

Så kjære forbrukar. Du som har ete norsk mat i det siste. Bruk makta du har. Noreg vert ugjenkjenneleg utan bønder. Hugs kven som produserer maten din, og alle ringverknadane det har.

Det er nok dugnad no. Gje bonden ei løn og leve av.

Kommentarer til denne saken