Gå til sidens hovedinnhold

Ein knusande dom over Nord-Aurdal kommune

Kommunen bør vurdere å gje oppreising - både økonomisk og moralsk - til Hjørdis Rognås sine etterlatne.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Det er kraftig kost det som Statsforvalteren, eller tidlegare Fylkesmannen i Innlandet, konkluderer med i tilsynssaka mot Nord-Aurdal kommune i samband med klaga frå pårørande til Hjørdis Rognås.

Som kjent døde Rognås etter koronasmitte i mars i fjor. Det er hennar siste 10 dagar i livet som primært er grunnlaget for klaga frå den næraste familien. Statsforvalteren slær mellom anna fast at Nord-Aurdal kommune har brote seks paragrafar innan helse- og omsorgslova, helsepersonellova og dessutan pasient- og brukerrettighetslova. I tillegg blir også andre feil og manglar ved pleiesituasjonen påpeika.

Norsk pasientskadeerstatning har allereie innrømt erstatningsansvar til dei etterlatne. Og kommunen har fått frist på seg til 15. juni med å klare ut omstenda knytt til lovbrota, eller dei klare manglane ved den behandlinga som Hjørdis Rognås vart til del i livets sluttfase.

Det smakar alvor av vedtaket til Statsforvalteren. Det gjev dei pårørande moralsk oppreisning og rettferd. Dei har teke påkjenninga det medfører å stå i elden for ei slik sak og har nådd fram. Det vil alltid vera håp for rettferd og sanning. Familien har i all hovudsak fått medhald i sine punkt som grunnlag for klaga til kontrollorganet.

Samstundes, med sine kategoriske krav til kommunen, vil Statsforvalteren sikre seg for framtida at noko tilsvarande ikkje kan skje ved eit seinare høve. Det har Nord-Aurdal kommune no fem månader på seg til å dokumentere på ein truverdig måte. Det blir i siste instans det viktigaste ved ei sak som dette slik den står no. Det må aldri skje att. Aldri.

Saka etterlèt sentrale spørsmål om den helsefagleg kompetansen i kommunen er god nok når ein verkeleg står i dei mest krevjande situasjonane. Då koronapandemien skylte innover landet i fyrste del av 2020, vart vi i byrjinga sett litt sjakk matt. Kommunane og helsevesenet hadde ikkje særleg erfaring med noko tilsvarande på årevis. Det herska naturlegvis stor usikkerheit i handteringa av viruset, kanskje meir enn ein i røynda ville erkjenne. Det blir likevel for lettvint å gøyme seg bak koronaskjoldet. Kritikken er knusande og eintydig.

Dei etterlatne er som kjent tilkjent ei symbolsk erstatning, det også er ei viktig erkjenning av ansvaret i denne saka. Det einaste koronadødsfallet i Valdres, så langt, banar på dette området veg for andre. Fleire erstatningssaker er på tur.

Kommunen har også på eige ansvar høve til å gje oppreising – både økonomisk og moralsk. Det bør vurderast. Viktigast av alt er ei ordentleg orsaking og ein garanti for at tilsvarande ikkje skal skje igjen.

Les også

Nord-Aurdal brøt flere lover i løpet av Hjørdis Rognås sine siste ti dager: – Jeg er sikker på at mamma hadde vært glad for at vi har orket å stå i dette. Det har kostet

Kommentarer til denne saken