Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Sist veke kom nyheita om at 25 grunneigarar på Filefjell/Tyinkrysset i Vang sel eigedomar til Fredensborg Fritid AS. Avtalen, som er av dei største i sitt slag, sikrar at 49.000 mål no hamnar i porteføljen til selskapet, som har spesialisert seg på å byggje opp fjelldestinasjonar. Fredensborg Fritid sit før oppkjøpet på over 7000 tomter. Områda som selskapet no sikrar seg er i stor grad alt regulert for omfattande utbygging, og i haust vart det uttala at det med enkle grep kan byggjast ut over 1000 einingar, på sikt kanskje mykje meir.

Tidenes avtale er landa på Filefjell
«Ein milepæl for Vang og Valdres», seier grunneigar Torstein Grøv, som har vore sentral i forhandlingane med Fredensborg Fritid. Å få inn ein profesjonell, kommersiell aktør av denne storleiken er ei spennande utvikling. Skiheisen på Filefjell har i fleire år slite med dårleg lønsemd og underskot. Konkurransen mellom destinasjonane i Fjell-Noreg er hard, og Filefjell, trass i at området er attraktivt både for Austlandet og Vestlandet, har hamna i ein skvis mellom Hemsedal og Beitostølen som to store «nabodestinasjonar».
Kva som står i avtalen konkret når det gjeld plikter og tidsperspektiv for utvikling og utbygging, og kor store summar det er snakk om, er førebels ikkje kjend. Heller ikkje kva Fredensborg Fritid ser for seg av t.d. utbygging av kommersielle tilbod. Men at planane om utvikling på Filefjell er seriøse, bør me kunne leggje til grunn.

I over eit år har Torstein sete i forhandlingar med storkjøparen: – Det har vore nokså intenst dei tre siste vekene
Dei siste åra har Fredensborg-eigar Ivar Tollefsen kjøpt seg opp og teke større kontroll over destinasjonane Turufjell i Flå, og Geilo. I motsetnad til i Hallingdal, der svenske Skistar stod for oppkjøpet, har Fredensborg norske eigarar med milliardæren og eigedsomutviklaren Tollefsen i spissen. I seg sjølv sikrar ikkje norsk eigarskap ei god utvikling. Det står mykje jobb att på Tyinkrysset og Filefjell før området kan konkurrere på linje med dei andre destinasjonane. Det er heller ikkje mykje klima- og miljøperspektiv å spore i pressemeldinga som vart sendt ut frå selskapet då oppkjøpet vart offentleg.
Å vera oppteken av lokal verdiskaping er ikkje nok for å sikre lokal arbeidskraft og kapital. Fordelen med éin oppkjøpar er at denne kan ha kraft til å satse der det trengst. På andre sidan får Fredensborg ein unik maktposisjon til utvikling av området som i neste omgang kan brukast til å leggje press på lokalpolitikarane.
At kommunen beheld ei hand på rattet for utvikling av området, blir særs viktig. Ikkje minst for å sikre at så mykje som overhovudet mogleg går til lokalt næringsliv, men også for å sikre omsyna til klima, miljø og den sårbare naturen i området.