Gå til sidens hovedinnhold

Ein plan i fire akter

Regjeringa sin firestegsplan for å opne det norske samfunnet att er fyrst og fremst ansvarleg.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Det kan ikkje ha vore ei lett oppgåve for regjeringa dei siste dagane å koma fram til ein plan for korleis samfunnet skal opnast att. Råda frå ulike helsestyresmakter sprikar. Vi har førebels ikkje oversyn over påskesmitta. Dei muterte virusvariantane er uføreseielege og svært smittsame. Og konsekvensane av nedstenginga er store, for helsevesen, sårbare grupper, økonomi og arbeidsplassar.

Statsminister Erna Solberg (H) presenterte ein plan i fire steg. Fyrste steg er at vi kjem attende til dei same tiltaka vi hadde før påsketiltaka. Steg 2 inneber lettingar for barn, unge og studentar. På steg tre kan vi invitere ti personar til middag i heimen, universitet og høgskular kan opne att. Når vi kjem til steg fire kan vi invitere 20 gjester, det blir vanlege reglar for skjenking av alkohol, og mykje blir normalt sjølv om det framleis vil vera behov for smitteverntiltak.

Innreisereglar, karantenetid, breiddeidrett for vaskane, tal for publikum på arrangement vil også bli justerte etter kvart. Atterhald om smittetal og vaksinasjon ligg til grunn for alle vurderingar – eller data, ikkje dato, som Solberg sa. Kvart steg skal vare i tre veker før det ev. blir opna opp for neste.

Internasjonalt blir det i EU og Verdas helseorganisasjon jobba med eit koronasertifikat som kan brukast av dei som har fått vaksine eller oppnådd immunitet gjennom å ha vore smitta. Regjeringa melde onsdag at det er noko som også blir sett på i Noreg. Ikkje minst har NHO etterlyst eit sertifikat for at dei som er vaksinerte/immune t.d. kan delta på arrangement.

I det heile framstår den stegvise planen som nøktern og ansvarleg, og i all hovudsak er det grunn til å gje ros til regjeringa for å ha landa ei mogleg framdrift for at vi skal koma attende til normale tilstandar. Likevel må vi kunne seia at det er overraskande få opningar for lokale og regionale omsyn. Sjølv om smitta har vore stor i ulike regionar, har andre regionar har svært lite smitte. Regionale tiltak har vi hatt gode erfaringar med å innføre når det er stor smitte, og då må vi også kunne lempe på tiltaka når det knapt er smitte i ein region.

Til dømes er det vanskeleg per no å sjå kvifor fleire av dei strenge nasjonale tiltaka, som heimekontor og skjenkestopp, bør vare like lenge alles stader.

Kommentarer til denne saken