Det er viktige verv og viktige jobbar våre lokale folkevalde har teke på seg. Tunge og store saker som arealplanar, helsetenester og budsjett gjer vervet som kommunepolitikar også krevjande.

Ein forskingsrapport frå Institutt for samfunnsforsking i 2020 syner at lokalpolitikarane har høgare tillit frå befolkninga enn rikspolitikarane. Tilliten til norske politikarar er også høgare enn han er i mange andre land. Likestillingssenteret leverte 1. september rapporten «Møter til besvær». Og det er nettopp dette temaet, korleis ein kan og bør leggje til rette for at fleire unge, fleire kvinner og fleire småbarnsforeldre kan delta i kommunepolitikken, som er tema for fyrste innlegg i vår nye spalte.

Les også

«Dersom en ensartet gruppe av befolkningen ønsker å stille til valg er jeg redd vi får et demokratisk problem»

Denne helga lanserer nemleg avisa Valdres ein ny spalte: Lokalpolitisk hjørne. Her inviterer me inn lokalpolitikarar frå ulike parti til å meine noko om sin kommune, eller ei sak ein er oppteken av. Og fyrst ut er Arbeidarparti-politikar Linda Gangstad Nordli i Vestre Slidre. Ho tek opp kor representativt eit kommunestyre er. Er det rom for alle? «Vi har plass til, og vi trenger, de som tenker annerledes», skriv Nordli. Spesielt når ein ynskjer å utvikle ein god kommune å bu i for alle.

I avisa sine spaltar blir me nok også for topptunge. Det blir mykje ordførarar og kommunedirektørar – folk som arbeider på fulltid med politikk og forvaltning. Dette er ein trend ein gjerne har sett også på nasjonalt og regionalt nivå. I tråd med at journalistikken får dårlegare tid blir ein avhengig av folk som kan svara innan kort tid. Konsekvensen er mindre plass til deltidspolitikarane og til opposisjonen – og dermed blir også mangfaldet mindre i spaltene.

Me kan bli betre til å snakke med fleire. Det krev også at nokon som plukkar opp telefonen i andre enden, og som faktisk har noko på hjarta som kommunepolitikar. I ein region tungt styrt av Senterpartiet og Arbeidarpartiet trengst ein opposisjon som også kastar seg frampå når det er behov for det.

Aktive, politiske debattar om utvikling av kommunar og lokalsamfunn vil vera med på å byggje Valdres. For avisa sin del håpar og trur me at eit lokalpolitisk hjørne i debattspaltene våre er ein god start.