Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Skiferbedrifta har ein lang og stolt historikk i Valdres, men ved utgangen av 2022 er det slutt.
For dei 16 tilsette ved bedrifta var det ein tung dag onsdag. Men det er det også for Valdres, som står i fare for å miste ei viktig industribedrift. Ikkje minst er det ei fleire hundre år lang gruvehistorie som også no kan bli borte. Det har vorte utvunne skifer i området sidan på 1600-talet. At skifer har vore ei viktig råvare, vitnar kommunevåpenet til Øystre Slidre om. På byrjinga av 1900-talet jobba opp mot hundre folk i gruvene.

Nedlegging: – Det er trist om dei ikkje finn moglegheiter for å drive vidare
Ifylgje administrerande direktør Andreas Fritzsønn i BMI er kvaliteten på skiferen frå Valdres ein av "den beste" i Europa". Produkta frå gruva og fargeriet er av så høg kvalitet at få andre leverandørar i Europa klarer å møte dette nivået", seier Fritzsønn til "Valdres". Men høg kvalitet er openbert ikkje nok, om ikkje marknaden er villig til å betale for det.

Går mot nedlegging – 16 tilsette må finne seg nye jobbar
Det er utfordrande for norsk eksportindustri generelt å konkurrere internasjonalt. Langt betre løns- og arbeidsvilkår, høge råvareprisar og eit generelt høgare kostnadsnivå enn dei fleste andre landa i Europa, verkar inn i den internasjonale konkurransen. Fritzsønn opplyser at det har vore dårleg lønsemd og "tapsbringande i forhold til marknadsprisen". Me saknar likevel meir konkret informasjon frå eigarane om økonomien i bedrifta. Ulike eigarar vil ha ulikt krav til overskot.

Tillitsvald Arve (54) fekk den tunge beskjeden om nedlegging tysdag kveld: – Eg hadde aldri tenkt tanken
Det som likevel er ei kjensgjerning, er at høge straumprisar og høge dieselprisar har verka negativt inn. Då er det snakk om rammevilkår som det er vanskeleg å gjera noko med lokalt, og som treng nasjonale løysingar. Uansett har det ikkje gått dårlegare over tid enn at tillitsvald ved bedrifta, Arve Myrvang, vart overraska over meldinga om nedleggjing.
No er håpet både lokalt og frå BMI nasjonalt at det skal melde seg norske oppkjøparar. Den høge kvaliteten på Valdres-skiferen burde i alle fall vera eit konkurransefortrinn i marknaden. Me kryssar fingrane for at det framleis blir gruvedrit i Rogne.