Det byrja på tysdag morgon. Nettverket i kontorlokala fungerte ikkje. Dei aller fleste medarbeidarane i Valdres Media sit på heimekontor, så dette var ikkje det største problemet umiddelbart. Så vart det klart at programmet me brukar for å laga papiravisa heller ikkje fungerte, til liks med systema for annonser og abonnement.

Amedia, som avisa valdres er ein del av, var utsett for eit omfattande dataåtak. Det gjer at papiraviser ikkje kjem ut. Annonsørane får ikkje bestilt annonser, og bestilte annonser som skulle i papiravisene blir ikkje publiserte. Abonnementar får ikkje avbestilt aviser, og nye abonnentar får ikkje teikna abonnement. Personopplysningar, som namn og adresse, kan ha kome på avvege. Amedia har i skrivande stund ikkje fullt oversyn over omfanget og konsekvensane. Informasjonen me sit på førbels er at passord og bankkortopplysningar ikkje er berørte av åtaket – heldigvis.

I skrivande stund veit me ikkje kven som står bak. Det er heller ikkje sikkert at ein nokon gong vil finne ut kven som utførte dataåtaket, eller eventuelt kven som bestilte eit slikt åtak. Dataåtak har vorte ein av dei nye, farlege måtane å drive kriminell, organisert verksemd på, ikkje berre frå kriminelle nettverk, men også frå statar. PST meldte i sumar at spor peikte i retning av at kinesisk etterretning stod bak dataåtaket på statsforvaltaren. Russland vart peikt ut som ansvarleg for dataåtaket på Stortinget.

Rett før jul vart Nortura angripe. Henting av dyr, slakting og skjering vart innstilt eller kraftig redusert. I januar i fjor var Østre Toten utsett for dataåtak. Frå ein time til ein annan mista kommunen opplysningar om kva medisinar bebuarane på sjukeheimane skulle ha, kven som skulle ha kommunal stønad og ikkje, kva hus feiaren skulle reise til.

Me veit ikkje kor lang tid det tek før systema vil verke att. Nettavisa vår blir publisert som normalt, og me håpar at det er mogleg å gje ut papiravis på torsdag.

Eit kvart dataåtak, om det er ein kommune, eit sjukehus eller eit slakteri, er alvorleg. I dag har me vorte avhengige av dei digitale plattformene og løysingane fungerer. Men det gjer oss også ekstra sårbare. At Amedia no har vorte angripe er også svært alvorleg. Det er eit åtak på pressefridomen og ytringsfridomen når heller ikkje redaktørstyrte medium kan kjenne seg sikre.