Debattinnlegg Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Mari Rabben Lundby frå Øystre Slidre Ap og Gro Lundby er båe bekymra for at vi ikkje brukar nok pengar av inntekta kommunen har på eigedomsskatt i driftsbudsjettet. Det er greitt å nemne at Ap stemte for 60/40-fordeling av eigedomsskatten, då den vart innført for nokre år sidan. Det er interessante ordval som blir brukt om Senterpartiet når formannskapet, beståande av Sp, Ap og H, samrøystes legg fram økonomiplanen.

Sp er eneveldige i Øystre Slidre. De har reint flertall i kommunestyret, og alt blir slik de vil.
For 2023 skal det nyttast 62,5 prosent av den totale eigedomsskatten, som er berekna til om lag 25 millionar kroner, til kommunal drift. I løpet av 2022 vart skule og barnehage styrka med 9,5 årsverk, som utgjer om lag 6 millionar, og 4,5 årsverk i tilrettelagte tenester som utgjer omtrent 4,6 millionar, som og skal vidareførast i 2023.
I arbeidet med økonomiplanen meinte vi det var veldig viktig at vi fekk plass til den fjerde fastlegen i kommunen, barnekoordinator, ein større administrativ ressurs i skulane, psykisk helse, demenskontakt og tilskott til bustadutbetring som utgjer 1,4 millionar i 2023, med fullårsverkand frå 2024 så utgjer dette vel 1,8 millionar.
Det er ikkje til å stikke under ein stol at det heftar ein god del usikkerheit ved kostnadsutvikling, renteutvikling og inntektsutvikling for komande år. Vi har ikkje anledning til å legge fram eit budsjett som går i minus, og manglande inntekter må derfor balanserast med bruk av sparepengar, dvs. fond.

Rigid bruk av eiendomsskatt i Øystre Slidre rammer deg og meg
For 2023 må vi bruke om lag 16,6 mill av disposisjonsfondet til drift. Det er pengar som vi har sett av i dei åra der vi har hatt overskott. Hadde vi ikkje spara desse pengane, så hadde det vorte reduksjon og kutt for 2023.
Det er meir vi har på lista som vi kunne ønskje vi hadde pengar til, men eg meiner vi legg fram eit godt budsjett der vi sikrar god drift og samstundes får sett av pengar til næringstiltak som vi ønskjer. Vi har hatt eit godt samarbeid om økonomiplanen i formannskapet, og håpar vi også får det i kommunestyret. Vi ønskjer å lande eit godt 2023-budsjett for kommunen vår. Eit budsjett som korkje er rigid eller eineveldig.
Tabell som visar korleis bruken eigedomsskatt til næringsformål er budsjettert for 2023:
Prosjekt | Tal i 1000 NOK |
Regionale samarbeidsprosjekt | 1340 |
Kommunale nærings- og samarbeidsprosjekt | 3990 |
Næringsutvikling landbruk | 1050 |
Gjennomføring av sti- og løypeplan | 860 |
Drift og utvikling av Beitostølen stadion | 260 |
Næringsstøtte, disp for formannskapet | 500 |
Investering, utv. Furustrand mm | 1385 |
SUM | 9385 |