Dei aller fleste som har køyrd til og frå Valdres på strekninga Sandvika-Hønefoss med buss eller bil dei siste 20 åra har fått med seg at det måtte gjerast noko med E16 over Sollihøgda. Vegen er svingete, smal, bratt og delar av strekninga er det 60- eller 50-sone. For dagens trafikk er vegen underdimensjonert.

Men det er eit godt stykke frå dagens tofeltsveg med 60 kilometers fartsgrense til framtidas firefeltsveg med midtdelar og planlagt fartsgrense på 110 km/t. I tillegg skal det byggjast ny jernbane med dobbeltspor til Hønefoss. Ringeriksbanen skal korte ned reisetida mellom Oslo og Bergen med ein time, og er eit godt prosjekt. Vegen, som skal innlemme Hønefoss/Ringerike som ein del av den utvida arbeidsmarknad i Stor-Oslo, er ikkje det.

Kostnaden er enorm. Estimert kostar det 35,6 milliardar for Fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 Skaret-Hønefoss – førebels. Summen kjem i tillegg til strekninga E16 Sandvika-Skaret, som delvis er ferdigbygd, og delvis er under utbygging, og som skal koste 9 milliardar. Kor mykje den totale summen blir med kostnadsveksten me har sett berre det siste halvåret, er ikkje godt å vita. Nye Vegar, som er ansvarleg for Fellesprosjektet, jobbar visstnok med å halde seg innanfor ei ramme på 34 milliardar. Eit av tiltaka er å redusere fartsgrensa til 100 km/t, men fartsgrensa bør ytterlegare ned.

E16 Høgkastet-Hønefoss, der firefelts motorveg delvis skal gå parallelt med jernbanen, vil beslagleggje mykje areal, både til traseen og til på- og avkøyringar. Strekninga er trafikkert, men å byggje seg fri frå køen så folk fise av garde raskast mogleg til og frå hyttene i Hallingdal og Valdres i helger og høgtider, er rett og slett ikkje verdt pengane. Særleg ikkje når me veit kor ille vegstandarden er mange stader i distrikta – her er ikkje Valdres noko unntak. Det pussige er at det, ifylgje Ringerike kommune, er 14 000 trafikantar på strekninga dagleg. Det er berre 3 500 meir enn den daglege trafikken over Nesbrua i Fagernes.

I avisa Valdres i sumar skal me kåre den dårlegaste fylkesvegen i Valdres. Me har invitert dykk lesarane til å nominere, og det har til no kome fleire hundre nominasjonar. Det tyder på to ting: 1: Vegstandarden på mykje av fylkesvegnettet er frykteleg dårleg. 2. Vegstandarden tyder mykje for folk i kvardagen.

Etterslepet på vedlikehald av fylkesvegane i landet er ifylgje Nationen over 70 milliardar kroner. Det er prekært å få ei skikkeleg satsing på fylkesvegane rundt om. Det er openbert kor ein del av summen kan takast frå: Dei ubygde motorvegane.