Gå til sidens hovedinnhold

Eit nytt smittetilfelle i Vestre Slidre. Vedkomande har vore på Syndinstøga i påska

Vestre Slidre fekk onsdag sitt niande smittetilfelle av koronaviruset for april. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet. – Den smitta var på Syndinstøga i påska. Vedkomande er registrert i Vestre Slidre, men oppheld seg i annan kommune og blir følgt opp der, seier kommuneoverlege Siw Fosheim.

Vestre Slidre: Det var onsdag at det dukka opp endå eit smittetilfelle i Vestre Slidre.

– Det at vedkomande var på Syndinstøga i påska er greitt å vite om, med tanke på å følgje med på moglege symptom, seier Fosheim onsdag.

Måndag bad Fosheim folk om å vera obs:

– Vi er nå kjent med at det har vore ein smitta innom på Syndinstøga i påskehelga. Vi ber alle som har vore innom Syndinstøga i same tidsperiode om å vere oppmerksame på eigne symptom, og ta kontakt med Slidre legesenter for å teste seg ved behov, sa Siw Fosheim, kommuneoverlege i Vestre Slidre.

På Vestre Slidre kommune sine heimesider, skriv dei følgjande: "

Med bakgrunn i testsvar og smittesporing kan vi no løyse mange frå ventekarantene.

Dette fører til at 1.-3. trinn kan koma tilbake på skulen frå og med i morgon, torsdag 15. april. Vi har fortsatt mange elevar og tilsette i karantene. Det vil dermed bli heimeundervisning for elevane på 4.-10. trinn inntil vidare."

Les også

Nå ber kommuneoverlegen deg om å vere obs på symptom om du har vore på Syndinstøga

Les også

Fire nye tilfelle av covid-19 i Vestre Slidre – to av dei er elevar på mellomtrinnet

Les også

Nytt smittetilfelle i Vestre Slidre – ungdomstrinnet sendt heim. Alle klassetrinn ved Vestre Slidre skule er sett i ventekarantene

Les også

Kommuneoverlege Siw Odden Fosheim i Vestre Slidre er nøgd: – Vi har 42 negative hurtigtestar

Les også

To nye smitta i Vestre Slidre: – Dessverre er det ikkje kjent smitteveg hos nokon av dei

Les også

Kiwi Røn blei stengt med umiddelbar verknad – fredag er de opna igjen

Kommentarer til denne saken