Gå til sidens hovedinnhold

Eit nytt smittetilfelle i Vestre Slidre

Ein person som er folkeregistrert i Vestre Slidre fekk onsdag påvist koronaviruset.

VESTRE SLIDRE: Det fortel kommuneoverlege i Vestre Slidre, Siw Odden Fosheim, til avisa Valdres.

– Det vart 26. mai bekrefta eit nytt tilfelle av covid-19 som gjeld ein person med folkeregistrert adresse i Vestre Slidre kommune, seier Fosheim.

Personen som er smitta er busett i ei anna kommune og blir følgt opp der.

Registrert før prøvesvaret var klart

Onsdag morgon viste koronastatistikken til MSIS at det var eit nytt smittetilfelle i Vestre Slidre, før det endelege prøvesvaret var klart.

Prøvesvaret låg klart onsdag ettermiddag, og kunne bekrefte at det var eit nytt smittetilfelle i kommunen.

Kommentarer til denne saken