Farsa omkring bygging av den mykje omtala trillestigen på Valdresflye ser ut til å halde fram. Statsforvaltaren har oppheva vedtaket til Øystre Slidre kommune to gonger. No stemnar kommunen på enda ein gong, og formannskapet handsama torsdag nye klager i saka utan at det påverka politikarane i synet dei har hatt. Tiltaket skal gjennomførast, ifølge politikarane.

Saka er openbert i utvikling. Denne gongen har det kome inn tre nye klager som omfattar påstandar om manglande utgreiing av naturmangfaldet i området. Mellom anna er det slege fast at området er sårbart som fuglehekkområde for sjeldne fugleartar.

Ein av klagarane peikar på det som fleire har trekt fram, at ei utbygging også vil krevje areal til parkering, det er planlagt rasteplass og bygging av bryggje inne ved Rypetjednet. Dette er tiltak som mange ser på som uheldige og framandarta inngrep i ei sårbar og unik naturmark. No går saka til Statsforvaltaren i Innlandet til endeleg avgjerd og resultatet vil vi kjenne om nokre veker etter at instansen har saumfare det spesielle sakskomplekset på nytt.

Presset frå grunneigarar og andre interesser i denne saka er massivt medan politikarane i Øystre Slidre likevel vel å halde på sitt. Saka kom skeivt ut i fyrste sving ettersom grunneigarane i området ikkje var korkje informert eller høyrt slik dei skulle.

Sidan har saka halta vidare medan ein god del av arbeidet i marka alt er gjort. Dei to siste åra har den delvis opparbeida trillestigen liggje der som eit merkbart sår i eit unikt naturområde der eit slikt tiltak ikkje høyrer heime. Difor er det vanskeleg å sjå at det er noko anna enn prestisje denne saka handlar om no. Det vil venteleg koste mange pengar å setje landskapet tilbake i opphavleg stand og at det er det som kan vera med å leggje føringar for at kommunen står beinhardt på sitt.

Fleire har også peikt på det meiningslause i at eit tiltak som dette i dette området berre vil vera tilgjengeleg i deler av året. I meir enn halve året vil området gjerne vera utilgjengeleg for rullestolbrukarar og andre med spesielle behov. Øystre Slidre har venteleg mykje å velje mellom om ein ville finne ein annan stad for dette tilbodet.

Det heilt nye er at området som er aktuelt for utbygging av trillestig er føreslege som del av ei utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Inngrep av dette omfanget vil neppe vera foreina med eit vern som er føreslege sjølv om motstanden mot vern er stor lokalt. Men kommunen står på sitt, og verkar å ha dårleg tid og kanskje vil koma verneframlegget i forkjøpet. Den lunta luktar forhåpentlegvis Statsforvaltaren.