Gå til sidens hovedinnhold

Eitt nytt smittetilfelle i Øystre Slidre onsdag: «Elevane på berørte klassetrinn skal ikkje møte på skulen resten av veka»

Til saman sju elevar har testa positivt ved skulane i Øystre Slidre – også Øystre Slidre ungdomsskule er berørt. Det er siste oppdatering i 16-tida onsdag

Øystre Slidre: Det er stabsleiar Øystre Slidre kommune, Tor Arthur Hagen, som melder dette onsdag ettermiddag.

Tysdag kveld vart det konstatert smitte hjå ein elev ved Øystre Slidre ungdomsskule. Ytterlegare eitt smittetilfelle vart kjent onsdag. Dette betyr at det no er til saman sju elevar som truleg er smitta av Covid -19 ved skulane i Øystre Slidre, skriv Øystre Slidre kommune på sine heimesider.

På skulen

Kommunelege Arild Jacobsen opplyste måndag ettermiddag 15. november at ein elev ved Rogne skule har testa positivt på hurtigtest for Covid -19. Måndag kveld kom det beskjed om at ytterlegare ein elev ved Rogne skule og ein elev ved Lidar skule hadde testa positivt. Tysdag føremiddag vart det konstatert to nye positive testar ved Rogne skule. Tysdag kveld kom meldinga om at ein elev ved ØSUS var smitta, ytterlegare eitt tilfelle her vart kjent onsdag.

Ingen tilsette ved skulane i Øystre Slidre har så langt testa positivt.

Meir testing

Til saman betyr dette at Øystre Slidre per onsdag 17. november kl. 0830 kjenner til fire sannsynlege smittetilfelle ved Rogne skule (2. og 6. klassetrinn) og eitt ved Lidar skule (6. klassetrinn), og to tilfelle ved ØSUS (9. trinn). Elevar på desse klassetrinna blir testa med hurtigtest, og skal følgjast opp vidare med testing utover veka, opplyser Øystre Slidre kommune.

Les også

Nytt smittetilfelle i Øystre Slidre – seks elevar truleg smitta

Gult nivå

Elevane på berørte klassetrinn skal ikkje møte på skulen resten av veka.

For alle andre blir det vanleg skule, men det blir innført fleire tiltak (tilpassa gult nivå) ved barneskulane i Øystre Slidre frå onsdag 17. november og inntil vidare. Vi minner om at alle som har symptom på Covid -19 må halde seg heime og teste seg.

Vidare er Gapahuken stengt for alle, og kulturskulen stengt for grunnskuleelevar (1. – 10. trinn), ut veke 46. Kommunelegen oppmodar barn og unge i Øystre Slidre kommune til minst mogleg organisert aktivitet denne veka, fram til vi har fått betre oversikt over smittesituasjonen.

Les også

Sju nye smittetilfelle i Vang

Ring koronatelefonen

Kommunelegen minner alle om at det er viktig å ta kontakt med kommunen sin koronatelefon 480 33 587 ved symptom. Denne er bemanna kvardagar i tidsrommet 9–11. Laurdag og sundag er denne open mellom kl. 10–12.

Vidare oppfølging og ev. nye tiltak vil vera avhengig av testresultata, opplyser Øystre Slidre kommune.

Kommentarer til denne saken