Eker: Stølsbygningane er framleis landbruksbygg

Retting: Øystre Slidre fjellstyre presiserer at stølsbygningane i Statsallmenningen beheld sin status som landbruksbygg.

Retting: Øystre Slidre fjellstyre presiserer at stølsbygningane i Statsallmenningen beheld sin status som landbruksbygg. Foto:

DEL

Øystre Slidre: Avisa Valdres skreiv ein artikkel om at formannskapet gav Leif Skjold Ekerbakke konsesjon til å overta Eker Gard i samsvar med vilkår i delingsvedtak. Men, vi skreiv òg at stølen vart fritidsbustad. Det er ikkje rett. Øystre Slidre fjellstyre presiserer at stølsbygningane i Statsallmenningen beheld sin status som landbruksbygg.

Dagleg leiar i Øystre Slidre fjellstyre, Anne Frugård, viser òg til behandlinga hos Fylkesmannen. Der fekk kommunen medhald, men med ei presisering:

"Kort fortalt så blir klagen ikke tatt til følge, men fylkesmannen presiserer at avgjørelsen om å gi løyve til fritidsfeste ikke er ein endelig avgjørelse siden saken også må behandles etter fjelloven og seterforskriften av fjellstyret".

Artikkeltags