Gå til sidens hovedinnhold

Ekstremvêr aukar risikoen

Valdres sleikjer såra etter stormen. Øydeleggjingane etter nokre timars vind er enorme, særleg i Etnedal og Sør-Aurdal.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Me har enno ikkje fullt oversyn over kostnadane. Tusenvis av kubikkmeter skog har blese ned. Skogbruket er ei langsiktig næring. Det kan ta mellom 60 og 120 år frå eit skogfelt er planta til skogen er hogstmoden. Å sjå at livsverket ligg strødd som om det skulle vore fyrstikkar, er vondt. Verdien på skogen vil heller ikkje vera den same som om den er høgd på vanleg vis i moden tilstand.

Difor er det viktig å få så rask avklaring som mogleg på det økonomiske oppgjeret. Skogen må også ryddast så fort som råd for å forhindre eit større borkbilleåtak neste vår og sumar. Organisasjonssjef Olaf Bjella i Viken Skog anslår at det kan ta heile vinteren og våren å få rydda opp.

Les også

– Dette gjør vondt langt inn i skogbrukshjertet

I Etnedal og Hedalen har mange vore utan straum fram til skrivande stund. Ein skulle ikkje trudd det var mogleg i vårt moderne samfunn i dag at husstandar er utan straum i dagevis. Sjølv om nettselskapa har jobba alt dei har makta for å få straumen attende til hus og heim, har øydeleggjingane vore for store. Det er ei påminning om den høge risikoen ekstremvêr fører med seg.Mange har dei siste dagane stått på for å sjå til andre, hjelpe der det trengst, rydda veg, sikra bygningar, reparert straumlinjer og telenett. Det har ikkje berre vore utan risiko for eige liv og helse.

Les også

Nødnettet var nede i Valdres i tre døgn. Det bekymrer brannsjefen.

«Alle kjenner alle» i eit lite samfunn som Valdres. Det varmar oss alle å sjå innsatsen som er lagt ned for at eldre, småbarnsfamiliar utan straum, skogeigarar og fleire skal koma seg gjennom desse tunge dagane.

Men det er grunn til uro for beredskapen. Brannsjef i Valdres brann- og redningsteneste, Laila Lien Østgård, er uroa over at naudnettet var vekke i tre dagar. Då det nye naudnettet vart teke i bruk i 2015, hadde det kosta 6 milliardar. Likevel har naudnettet fleire gongar vorte slått ut av straumbrot under storm. Når me har meir ekstremvêr i vente, er det for dårleg å ha eit naudnett som er så sårbart.

Kommentarer til denne saken