Deler av eldreomsorga vil få gode, nye lokale med det nye helsetunet. Det er flott, men ikkje tilstrekkeleg for at eldreomsorga skal skinne. I tillegg bor mange eldre heime og da er omfang og kvalitet for dei heimebaserte tenester særs viktig.

Skal vi gje dei eldre i kommunen ein god omsorg, må vi ha nok folk i arbeid. Da må vi sikre at det er attraktivt å jobbe i eldreomsorga. Da må vi lage eit arbeidsliv det er mogleg å stå i. Ved å auke grunnbemanninga og utvikle turnus i samarbeid med dei tilsette, blir det ein betre arbeidskvardag. Vi må sørge for rett til heiltid, og tilbod om faste stillingar.

Eldreomsorga i Øystre Slidre må fortsette å vere driven av kommunen med frivillige som supplement. Vi må fri oss frå vikarbyråa og heller laga ein eigen lokal pool av faste vikarar der vi ikkje kan nytte fast tilsette i heile stillingar. Vikarbyråa bidreg ikkje til å auke kompetansen i tenesta og heller ikkje til kontinuitet i personalet ved avdelingane. Det blir såleis ikkje fleire folk på jobb og heller ikkje meir kvalitet, tvert imot.

Dei ressursane vi har i eldreomsorga må brukast klokt. Det betyr å fjerne rigide tidsstyrte tenester, med ein tillitsmodell der fagfolk saman med brukaren finn dei tenestene som er best for den einskilde.

Demensomsorga både i og utanfor institusjon må styrkast for å møte det auka behovet for slike tilbod framover. I dag er det ikkje eit individuelt tilpassa tilbod til demente i institusjon langt mindre utanfor institusjon. Her må Øystre Slidre ta eit krafttak ved fyrste budsjettframlegg. SV vil vere vaktbikkje i kommunestyret for dei eldre i kommunen vår. Dei fortener eit betre tilbod enn dei får i dag.

Bjørn Kjensli

1.-kandidat Øystre Slidre SV