ØYSTRE SLIDRE: Mange sett opp elektrisk gjerde utan straum, utan å ha dagleg tilsyn med det, noko som er ulovleg i Øystre Slidre kommune. På grunn av gjerda har fleire sau mista livet.

Gardsbrukar Geir Tore Rakstad (61) har drevet gard i 40 år og fortel at problema med dyr som set seg fast i gjerde ikkje dukka opp før enn for 10–12 år sidan.

Ein plage

Rakstad fortel at gjerda er ein plage som følgjer gardsbrukarane. Problemet ligg i hovudsak med hytteeigarar som ynskjer å sette opp gjerde for å sleppe å få beitedyra heilt inntil hytteveggen, seier han.

Når mange gjerda inn hyttene sine bruker dei elektriske gjerde, oftast utan straum. Alt for mange veit ikkje at gjerda kan vere farlege, og kjenner ikkje konsekvensane det bringar med seg å sette det opp.

-Dei veit ikkje betydninga av gjerdet, men eg skjønner at dei vil gjerde inn hytta si, så dei slepp å få dyra inn på trappa, fortel Rakstad. Han meiner at dei absolutt har lov til å gjerde inn eigedommen, men at dei må bruke skikkeleg gjerde, som ikkje er farleg.

Uromoment

Rakstad hadde vore på tilsyn då han fekk ein telefon frå kommunen. Dei fortalde om lammet som hadde døydd. Han reiste med ein gong han fekk vite om lammet, og ein halvtime seinare fekk han sjå tragedien.

– Mora var ikkje i nærleiken som tyder på at lammet hadde vore der i fleire dagar, forklarar Rakstad. Lammet hadde tvinna seg fast i eit elektrisk gjerde utan straum, og hadde vorte sitjande fast.

-Det hadde ikkje vore stort anna å gjere, enn å løyse lammet og ta det med heim for å gravleggje det, fortel Rakstad.

– Det er eit uromoment som følgjer deg heile tida, seier Rakstad. Han forklarer at det ikkje gjer det så triveleg å drive gardsdrift, men forsikrar og, med at det ikkje er direkte truande mot framtidig gardsdrift. Dei høyrer stadig om fleire laushundar, og andre grunnar til bekymringar, så det er ikkje rart han, som så mange andre gardsbrukarar er urolege.

Fiskegarn

– Lam er dei mest utsette for denne faren, dei er mindre, og meir nysgjerrige, fortel Rakstad. Som ordtaket seier, er graset alltid grønare på den andre sida. Lam som ynsker å ete graset på andre sida, lir ofte ein vond skjebne.

Dei stikk hovudet gjennom gjerdet og blir sittande. Når dei begynner å vri og vrikke seg for å komme seg laus, tvinnar dei seg enda meir inn i gjerdet., det blir som eit fiskegarn, forklarar Rakstad.

Ros til kommunen

Rakstad ynsker å gje ros til Øystre Slidre Kommune. Han seier at dei er ein svært flink kommune, som har jobba hardt for å minke antal skadde dyr. Dei samarbeider med beitebrukarane for å løyse problema når dei oppstår, men prøvar fyrst å stoppe dei frå å hende. For å avverje, finn dei ut kven som har farlege gjerde og sender eit brev, der dei ber om å fjerne gjerdet. Det er også ulovleg å ha elektrisk gjerde utan dagleg tilsyn i Øystre Slidre.

– Vi må ta tak i kvart enkelt tilfelle, forklarer Rakstad. Antalet farlege og ulovlege gjerde som er sat opp, og sau som døyr, går i bølger. Ikkje alle veit at gjerda er ulovlege utan dagleg tilsyn, så når dei sett opp gjerda, er det i god tanke om å berre halde dyra unna hytteveggen. Så om alle hadde fått vite at gjerda er ulovlege og svært skadelege, hadde nok bruken minka.

Antalet brukarar av gjerdet går opp og ned i bølgjer, ein setter opp gjerdet, så ser dei rundt det, og tenkjer at det er ein veldig lettvinn og fin løysing, så startar også dei med det, og antalet blomstrar opp.

Førebyggjer kranglar

Derfor er det så viktig at vi tek tak i kvart enkelt tilfelle, som Rakstad seier. For når den eine personen veit kva fare gjerda bring med seg, vil han ikkje setje det opp att. Kanskje vil han spreie ordet vidare, og ein etter ein blir gjerda borte. På den måten spreier vi kunnskapen og fjernar fara gjerda bring med seg.

Rakstad er også veldig glad for at kommunen kan stille opp som ein nøytral part i dette. Rakstad kjenner på at han synast det er ubehageleg å gå rett bort til nokon og be dei rive ned gjerdet sitt, så det at kommunen tek ein stor del i dette som ein nøytral part, bidreg også mot å førebyggje kranglar mellom hyttefolk og gardsdriftarar.