I dag sit nynorskelevar i klasserommet med skriveprogram som gir dei raude strekar under ord dei skriv rett, appar som ikkje finst på nynorsk og andre verktøy som gjer at lese- og skriveopplæringa deira blir meir mangelfull og langt dårlegare enn den opplæringa jamnaldringane som skriv bokmål får. Mangelen på nynorsk i det digitale klasserommet skadar ikkje berre nynorskelevane, men det stikk også kjeppar i hjula for sidemålsundervisninga til bokmålselevane.

Læremiddel er i dag omfatta av det såkalla parallellitetskravet om at dei må finnast på både nynorsk og bokmål, til same tid og pris. Når det blir så mange digitale element i tillegg til den trykte læreboka må ny opplæringslov henge med i skulekvardagen. Kravet til kva som skal vere på nynorsk må også gjelde dei læringsressursane og verktøya som faktisk blir brukte.

I den nye opplæringslova må definisjonen av læremiddel også femne om læringsressursar. Parallellitetskravet må gjelde for alle digitale og ikkje-digitale læringsressursar og verktøy som er laga for eller blir brukte i opplæringssiktemål. Skriveprogram som skal brukast i norsk skule, må støtte både nynorsk og bokmål utan atterhald.

I Valdres er det registrert 749 nynorskelevar. I Innlandet finst 2 922 av dei 73 117 elevane som har nynorsk i barne- og ungdomsskulen. Dermed er Innlandet det fylket på Austlandet med flest nynorskelevar. Elevane våre fortener språkleg rettferd!