Tingvang: – Vi har «rein naturglede» som slagord for kommunen, men vi satsar også på miljø gjennom Klima Pluss-prosjektet vårt. Det er difor rett at vi også har fått kommunehuset til å bli eit miljøfyrtårn, sa rådmann Jostein Aanestad i Øystre Slidre kommune.
Vil ta det vidare
Aanestad overleverte plakaten og beviset til kommuneplanleggjar Inger Elisabeth Hilstad. Det er ho som har vore prosjektleiar for arbeidet med å kvalifisere kommunehuset på Tingvang til å få eit miljøfokus. Så er det Ellen Petrine Fretheim som har ansvar for det tekniske ved kommunen sine bygg og som dermed har vore ein viktig samarbeidspartnar for Hilstad.
– Vi ynskjer å rulle dette ut vidare i verksemda vår. Dette er ingen endestasjon, men noko vi må arbeide vidare med heile tida. Vi får ein ny resertifisering om tre år og i mellomtida må vi forsøke å gjere det same med ein barnehage og ei skule. Det er mange der ute i organisasjonen som er ivrige på dette, sa Hilstad.
Saka fortset under bileta.
Registrerer forbruket
Det var i formannskapet at diplomet vart delt ut og Bjarne Budal (Ap) kom med eit ynskje om at også nye Øystre Slidre helsetun kunne bli miljøsertifisert.
Nokre av tiltaka ved kommunehuset er kjeldesortering og eit forsøk på å redusere vassforbruk og straumforbruk.
– Vi byrjar lågt, men har fokus på desse tinga framover. Vaktmeistrane våre vil no til dømes måle kor mykje avfall vi leverer til VKR. Dette vil vi då kunne registrere og følge med på. Det same med vassforbruk og energiforbruk, sa Hilstad.

Kommentarer til denne saken