Enda eit ærleg bibliotek i Valdres

No kan du låne bøker frå Joker i Ryfoss. I fjor starta Vang folkebibliotek «Bok i butikk» hjå Joker på Filefjell. No er ei utlånshylle oppe i butikken i Ryfoss. Butikksjef Monica Litangen er godt fornøyd å få dette tilbodet i nærbutikken.