Gå til sidens hovedinnhold

Enda eit nytt smittetilfelle i Vestre Slidre – kommunen kjem med påminning

Sundag vart det meldt om nok ein positiv covid-19-test i Vestre Slidre kommune. Dette er det ellevte smittetilfellet så langt i kommunen denne månaden.

VESTRE SLIDRE: Smittevegen til vedkomande er kjend, og personen sat allereie i karantene. Dette melder Vestre Slidre kommune på sin heimeside.

Kommunen nyttar høvet til å minne om restriksjonane som gjeld etter at den nye mellombelse koronaforskrifta vart innført. Forskrifta gjeld i perioden 16. april til 2. mai. Dei deler punktlista under samstundes med meldinga om det nye smittetilfellet.

  • Hald 2 meter avstand.
  • Bruk munnbind der ein ikkje kan halde 2 meters avstand.
  • Forbod mot innandørs arrangement.Unntak for kyrkje og bibliotek.
  • Unngå mest mogleg sosial kontakt, hald avstand og vask hendene!
  • Du bør ikkje ha besøk av fleire enn 2 gjestar i tillegg til husstanden.
  • Dette gjeld både innandørs og utandørs.Heimekontor for alle som har moglegheit.
  • Avlyse utandørs arrangement på tvers av kommunar.
  • Ved symptom, hald deg heime og ta kontakt med Slidre legesenter.

Les også

– Har eit stort håp om at å gjere dei grepa skal hindre smitteauke

Les også

Valdres-kommunen har hatt høgare smittetrykk enn Oslo dei siste par vekene – innfører ny mellombels koronaforskrift

Kommentarer til denne saken