Endeleg kunne Margrethe og Gudrun opne dørene att

I GANG ATT: Måndag kunne drivarane Margrethe Ann Fagerheim (bilete) og Gudrun Gustavsen ta imot dei treningsglade att. – Eg trur folk har sakna både treningstilbodet og møteplassen Ryfoss treningssenter er, seier Fagerheim.

I GANG ATT: Måndag kunne drivarane Margrethe Ann Fagerheim (bilete) og Gudrun Gustavsen ta imot dei treningsglade att. – Eg trur folk har sakna både treningstilbodet og møteplassen Ryfoss treningssenter er, seier Fagerheim. Foto:

Av

Måndag opna Ryfoss treningssenter dørene att. Møteplassen i Ryfoss nærmar seg 20 år og er i stadig utvikling.

DEL

VANG: – Det er godt å koma i gang att no. Eg trur folk har sakna både treningstilbodet og møteplassen Ryfoss treningssenter er, fortel Margrethe Ann Fagerheim.

Saman med kollega Gudrun Gustavsen har dei snart tjue års erfaring som drivarar av treningssenteret i bygda.

– Det har vorte hobbyen vår og alt som kjem inn på drifta går til oppdateringar og oppgraderingar.

Mykje nytt

Sist ut på lista over investeringar er nytt nøkkelsystem og ein stor overhaling av heile senteret.

– Det byrja med at vi skulle ordne oss eit lite kontor. Det enda med at heile senteret vart måla opp att og at belysning vart skifta ut.

Samstundes passar dei på å alltid ha oppdatert utstyr og skifte ut det som vert slite. Når ei tredemølle kostar 100.000 kroner, og talet på spinningsyklar har økt frå tre til ti, er det lett å skjøne at overskotet frå hobbyen ikkje er stort.

Lett å koma i gang

Med det nye låsesystemet kan dei gje tilgang på direkten til dei som ynskjer å teste ut tilbodet.

– Det er ekstremt viktig å vera tilgjengeleg. Tek du kontakt fiksar vi oppstartstime same dag om det er eit ynskje. Vi har også både hyttefolk og turistar som plutseleg ynskjer å trene. Då fiksar vi tilgang og dei vippsar over for treninga.

Det er 18 års aldersgrense på treningssenteret på grunn av solsenga, men med spesiell avtale er det høve for å trene også for yngre personar.

– Det har til dømes vore ungdom som har treft kvarandre her etter skuletid for å trene.

Proff trenar

Dei siste åra har Henriette Ottesen bidrege til å heve nivået på treningssenteret fleire hakk.

– Ho arbeidar som personleg trenar på Myhrens treningssenter i Oslo og kan trening. Ho bidreg både med innspel til utstyr og med kurs og treningsrettleiing for dei som ynskjer det.

Det er også fast spinning gjennom vinteren, der Margunn Hålien har vore instruktør denne vinteren.

OVERHALING: Treningssenteret har fått seg ein real ansiktslyfting.

OVERHALING: Treningssenteret har fått seg ein real ansiktslyfting. Foto:

Møteplass for mange

Då dei skulle i gang med treningssenteret i 2004 vart det gjort ei undersøking i nærområdet om folk ynskte seg dette.

– Då fekk vi eit svar med fullt namn og alt der det stod «eg kjem aldri til å nytte meg av dette, men ynskjer dykk all mogleg lukke til». Han har no trena her fast omtrent sidan vi starta opp, ler Fagerheim.

Det er familiar der tre generasjonar trenar saman og det er generelt ein møteplass for alle aldrar og ambisjonar.

– I vinter var det to karar som båe hadde vorte pensjonistar. Dei møttest her og skravlar like mykje som dei trenar, før turen går bort på Jokeren eller til Sara for å drikke kaffi. Den eldste som trenar fast her er elles nitti år.

ANSIKTSLYFTING: Ryfoss treningssenter er i stadig utvikling.

ANSIKTSLYFTING: Ryfoss treningssenter er i stadig utvikling. Foto:

Artikkeltags