I snart ti år har avisa Valdres på våren samarbeidd med Nord-Aurdal Mållag og Valdres vidaregåande skule om ein kronikkonkurranse. Ungdomar frå heile dalen har jobba med tekstar, mange som ein del av norskfaget. I år fekk me inn heile 59 bidrag til konkurransen.

Me har tre laurdagar på rad presentert dei tre vinnarkronikkane. Tuva Rognås Strømmen trakk det lengste strået i år, med ein tekst om netthat og konspirasjonar, og korleis det kan påverke demokratiet. Ole-Viljam Skjefte, som fekk andreplassen, har skrive om framtida for landbruket med utgangspunkt i seg sjølv og garden han kjem frå. Og kronikken i helga er skriven av Wegger Kristoffer Bergsrud og handlar om nedleggjinga av grendeskulen og framtida for Begnadalen når skulen blir borte. Alle er svært aktuelle tekstar.

Les også

Fridom under ansvar, er det ikkje det vi seier?

Mellom dei 56 andre kronikkane som ikkje fekk pallplassering er det så mange gode, engasjerte tekstar, at me vil dele dei med lesarane våre. Tema spenner seg frå vegstandard, rasisme i fotballen og distriktspolitikk, til om 16-åringar burde få kunne ta førarkort og at det er for dårleg tilbod om kollektivtransport i Valdres – mellom anna. Valdres-ungdomen er oppteken av mykje, og bryr seg om nærmiljøet, om fritidstilbod, busetjing og moglegheiter. Me får ikkje publisert alle 59 kronikkane, men i alle fall gje dykk lesarar i og utanfor Valdres ein smakebit på nokre av temaa som engasjerer unge valdrisar. 

Les også

Ei vending må til, for framtida si skuld

Me er omgjevne av meiningar stort sett heile tida, frå me står opp til meg legg oss. På Facebook, Instagram og YouTube, i skulen, i diskusjonar i friminutta eller i avisene. Det kan vera utmattande, ikkje minst når det kan kjennest som at debatten blir overteken av nettroll og negative attendemeldingar.

Å ytre seg er ein rett me har. Å kunne debattere, seia meininga si, og å skrive kronikkar til lokalavisa, er viktig for samfunnet du lever og bur i. Om ein ynskjer ei endring, er det mykje lettare å få til det ved å seia på ein sakleg måte, og bidra til ein debatt, enn ved å berre hamre laus med store bokstavar i sosiale medium. 

Les også

Kampen om grendeskolene

Me er difor nøgde og takknemlege for at me fekk inn heile 59 bidrag til årets kronikkonkurranse. Det er 59 gode, sjølvstendige bidrag, som handlar nettopp om kva kor og enkelt elev er opptekne av.