Gå til sidens hovedinnhold

Er dei som trur på konspirasjonsteoriar galne, sprø, klin kokos?

Dei som trur på konspirasjonsteoriar har ein del fellestrekk. Dei trur at folk med makt planlegg ting som kjem til å gå utover oss vanlege. Dei ser samanhengar der det ikkje finst nokon, dei ser hensikter som ikkje eksisterer.

SYN & SAK

Eg kjenner ikkje Charter-Svein, eller Svein Østvik som han heiter, korkje personleg eller privat. Eg vil tru at han har mange sider, både bra og mindre bra, slik som alle oss andre. Eg brukar han som eksempel fordi han har vore i nyheitene i det siste.

Eg kan ha sans for folk som ikkje berre flyt med straumen, som har integritet og mot til å stille kritiske spørsmål og som tør å skilje seg ut. Likevel, det går kanskje berre ei tynn grense mellom å vera ute på viddene og å vera den som ropar: Han er jo naken! Om du hugsar Keiserens nye klede?

Og inniblant kan ein også spørja seg, er det eg som er klin kokos eller er det dei andre? Tru om Svein Østvik stiller seg det spørsmålet?

Det finst mange slags sanningar der ute på det store internettet, altså det vanlege og endå meir det mørke nettet. Eg veit ikkje korleis ein kjem seg inn i mørket og vil ikkje vite det heller. Det held med det andre. Ein kan finne kva som helst på internett.

Les også

Koronasmitta: – Jeg begynte å hoste litt rart på kvelden lille julaften

La oss seie at du lurer på om jorda er flat eller rund. Eg synest også det er vanskeleg å skjøne at jorda er rund og at dei likevel ikkje står på hovudet på New Zealand. Om du då googlar «jorda er flat» vil det sprette opp info om dette. Og så blir du kanskje overtydd. Jorda er flat, slik dei norrøne gudane trudde. Det står jo på nettet, ikkje sant.

No skal du få eit kjempekort kurs i kjeldekritikk.

1. Kven står bak infoen du finn? Privatperson eller organisasjon? Kva slags kompetanse har forfattaren? Er det anonyme kjelder? Kan dei kontaktast?

2. Kvifor er det publisert? Informere om fakta? Underhalde? Selja deg noko? Samle inn pengar?

3. Er det godt språk? Saklege formuleringar? God og ryddig design med kontaktinfo?

4. Når er det publisert? Gamalt nytt?

5. Er det henvisning til andre kjelder?

Om du finn same info på fleire truverdige sider, er det meir sannsynleg sant. Ver likevel alltid kritisk! Og så kan du stille deg spørsmålet, om du hadde stikk motsett synspunkt enn det du har, kva ville du då trudd på? Altså, er du berre ute etter det som støttar ditt eige syn og overser/overhøyrer alt som talar mot? Den feilen har eg sjølv gjort. Vi samla berre info som sa at små skular var betre enn store. Ja, ja.

Les også

Ordføreren: ­– Jeg var overrasket over å bli valgt til ordfører. At det skulle komme en pandemi i min første periode var helt utenkelig

Eg undrar meg veldig over kva slags menneske det er som startar å tru på alle slags konspirasjonsteoriar. Kven trur at George W. Bush sto bak 11. september, månelandinga er falsk, Arbeidarpartiet samarbeider med arabiske land for å gjera Europa til ein islamsk koloni. Paul McCartney er død. Elvis lever. Holocaust har aldri skjedd, CIA drap Kennedy, britisk etterretning drap prinsesse Diana, Obama er muslim og ikkje født i USA og vaksinar fører til autisme blant barn.

Og no sist at covid-19 er menneskeskapt og spreidd med vilje. Vaksine er heilt unødvendig og å bruke munnbind er berre tull.

Dei som trur på konspirasjonsteoriar har ein del fellestrekk. Dei trur at folk med makt planlegg ting som kjem til å gå utover oss vanlege. Dei ser samanhengar der det ikkje finst nokon, dei ser hensikter som ikkje eksisterer. Dei er mistenksame og har ikkje så stor tillit til samfunnet. Dei treng å skape sine eigne forklaringar og forteljingar for å forstå omverda, for å kjenne seg trygge og føle at dei sosialt høyrer til.

Les også

Presten: – Folk som før ikke hadde et særlig behov for å prate, har det nå

Folk blir ikkje trygge av konspirasjonsteoriar, tvert imot. Forsking viser at dei som brukar mykje tid på det, er meir prega av einsemd, angst og depresjon. Dei kjenner seg makteslause og trur at alle med makt er korrupte. Dei er mindre tilbøyelege til å tenke analytisk og trur ofte på paranormale fenomen, mirakel og alternativ medisin.

Er dei som trur på konspirasjonsteoriar galne, sprø, klin kokos? Kanskje, om du trur på alt slikt og ikkje evnar å sjå andre sanningar enn dine eigne. Likevel, vi har alle litt av denne tankegangen i oss. Og når verdsbileta våre blir rokka ved, når det vi trudde på kanskje ikkje stemmer, når vi blir utrygge og skremt, då er det lett å finne trøyst i ein eller annan enkel og heimelaga forklaring. Og å søke saman med andre som deler same oppfatning.

Eg trur også at om alle var like, tenkte i same banar, var heilt ukritiske til styresmaktene og godtok alt som var sagt, ville ikkje det heller vore bra.

Les også

Kommunedirektøren: – Jeg er mer bekvem med å bli husket som hjerterå enn handlingslammet

Vi menneske har eit grunnleggjande behov for å oppleve eit visst nivå av kontroll over miljøet vi lever i. Vi vil alltid aktivt søke etter å skjøne meininga med det som skjer.

Den beste pilla mot konspirasjonsteoriar er å skape inkluderande, stabile og trygge demokratiske samfunn. Det kan vi alle bidra til.

Visste du forresten at vår eigen konge og statsminister er med i den same pedofile, sataniske kannibalklubben som Biden og Obama? Ari Behn oppdaga dette og det var difor han vart tatt av dage. Dette har eg lese på nettet og det stemmer nok. Vent litt no, hugs på dei fem punkta for kjeldekritikk!

Kommentarer til denne saken